Larry Sanger

Lawrence Mark Sanger (fødd 16.

juli 1968), meir kjend som Larry Sanger, er ein amerikansk internett-prosjekutviklar som var med på å grunnleggja Wikipedia og seinare grunnla Citizendium.

Larry Sanger
Larry Sanger
FøddLawrence Mark Sanger
16. juli 1968
Bellevue i Washington
NasjonalitetUSA
Områdefilosofi
Yrkefilosof, bloggar, informatikar, forretningsdrivande
InstitusjonarBomis
Nupedia
Ohio State University
Citizendium
Alma materReed College
Ohio State University
Service High School

Oppvekst og utdanning

Lawrence Mark Sanger vart fødd i 1968 i Bellevue i Washington og voks opp i Anchorage i Alaska. Han oppnådde bachelorgraden i filosofi ved Reed College i 1991 og Ph.D.-graden i filosofi ved Ohio State University i 2000 med doktorgradsavhandlinga Epistemic Circularity: An Essay on the Problem of Meta-Justification.

Nupedia og Wikipedia

Nupedia var eit oppslagsverk på verdsveven med artiklar skrivne av frivillige med ekspertise på emnet som blei gjennomgått av redaktørar før dei blei utgjevne som fritt innhald. Jimmy Wales var ein grunnleggjar medan Bomis løyva midlar, medan Sanger blei hyra som sjefsredaktør. Han fekk ansvar for Nupedia frå februar 2000. Sanger utvikla ein gjennomgangsprosess for artiklar og rekruterte redaktørar.

Både Wales og Sanger var frustrerte av den sakte veksten til Nupedia. I januar 2001 føreslo Sanger å laga ein wiki for å skunda på utviklinga av artiklar, og resultatet blei Wiki Nynorsk. Wikipedia blei offisielt lansert 15. januar 2001. Både Sanger og Wales blei overraska over kor fort det nye prosjektet voks. Berre på nokre dagar var Wikipedia blitt større enn Nupedia, og det danna seg ei lita sosial gruppe av skribetar.

Sanger opplevde at han kjempa ein stadig kamp mot «nettroll» og «anarkist-typar», og ønskte ein større bruk av ekspert-redaktørar med autoritet til å løysa kranglar og sjå etter at reglar blei følgde. Utmatta av det langvarig strid om innhald og med kjensla av ei manglande støtte frå Wales forlét Sanger til slutt prosjektet.

Etter Wikipedia

Etter arebidet med Wikipeda har Sanger vendt attende til den akademiske verda, og han er no førelesar ved Ohio State University, der han underviser i filosofi. Spesialfeltet hans er epistemologi med hovudvekt på 1600-talsfilosofi og etikk. I fritida spelar og underviser han irsk folkemusikk på fele i Columbus og Dayton i Ohio.

Sanger var grunnleggjaren og eksekutivsjefen for «Sanger’s Review of Y2K News Reports» (tidlegare på sangersreview.com [1]), ein ressurs for Y2K-overvakarar, og han driv òg ein nettstad om Donegal-feletradisjonen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Larry Sanger Oppvekst og utdanningLarry Sanger Nupedia og WikipediaLarry Sanger Etter WikipediaLarry Sanger KjelderLarry Sanger BakgrunnsstoffLarry Sanger16. juli1968CitizendiumWikipedia

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Graham NashKvam heradShrekParadise and LunchSvartehavetBrohlbachFA-cupfinalen i fotball 2001Joar NangoFjodor TerentjevSylvi ListhaugDet indiske kastesystemetClaudio MonteverdiPopulismeAzerspace-1/Africasat-1aKapitalismeIrakAntiqueBryggen i BergenMiljøproblemFeyenoordGiroNaturismeA Deepness In the SkyKamferTetraLuster kommuneAlderspensjonMenneskeanatomiHörbranzSymraMolde kommuneEyvind JohnsonDickey BettsEndetarmKristopher SchauSiderJulepyramideErik SatieCornelis VreeswijkMontserrat CaballéDave TorbertNasjonalrettGunn Margit AndreassenTenaza PeakBrexitKazunari IchimiKomponisten John BullDen gamle verdaEinatCountryCupvinnarcupfinalen i fotball 1969MiddelhavetBuddhistiske høgtiderBøkPadling under Sommar-OL 2012Albert GleizesFrankrikeMrs. RobinsonAsker kommunePeter ElliottXboxStorfuglTysklandSekulærFacesWattensVetle SkagastølstindÖlandDet tredje riketZaiddiyahKarl II av EnglandOslo kommuneAsbjørnsen og MoeFrozenPlanxty🡆 More