Lapin Kulta, finsk for 'Lapplands gull', var eit bryggeri i Torneå i Lappland i Finland.
Ølet med merket Lapin Kulta er sidan august 2010 blitt brygga i Lahti i Sør-Finland. Det vart brygga frå 1873 av Torneå Bryggeri Aktiebolag. Ølmerket er no eigd av Hartwall, eit dotterselskap eigd av Royal Unibrew.
Lapin Kulta | |||
Lapin Kulta III bottle | |||
Produsent | Hartwall | ||
---|---|---|---|
Introdusert | 1963 | ||
Alkohol volum % | 5,2% IVA 4,5% III 2.7% I | ||
Stil | Lager | ||
IBU skala | 21 (IVA) 18,5 (III) 14 (I) |
Merkenamnet «Lapin Kulta» er nytta på eit stort utval av lagerøl med varierande styrkegrad.
Bryggeriet vart grunnlagd i 1873, men namnet Lapin Kulta vart ikkje tatt i bruk før 1963. Bryggeriet måtte overta eit gullgruveselskap med same namnet for å få retten til namnet. Selskapet sin formålsparagraf seier framleis at foretningsomnrådet er «leiting etter gull og produksjon og sal av øl».
Lapin Kulta er brygga på ingrediensar som byggmalt, reint vatn og ein eigen gjærstamme av høg kvailitet. Saman med vellykka marknadsføring gjorde det ølet til det mest populære ølet i Finland. I dag har konkurrentane Karhu og Olvi gått forbi, og i 2009 var Lapin Kulta på fjerdeplass i omsetning.
Etter samanslåinga med Hartwall i 1980, har merkenamnet kome på eksportmarknaden og er no tilgjengeleg i de fleste europeiske land. Bryggeriet i Torneå vart stengt i 2010, og Lapin Kulta blir ikkje lenger brygga i Lappland.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Lapin Kulta, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.