Langemann er ein rollefigur frå Kaptein Sabeltann-verda skapt av Terje Formoe.
Langemann er kjend på alle hav som skuggen til Kaptein Sabeltann. Han er den nestkommanderande til kapteinen, og ser til at alle følgjer opp ordrane hans. Langemann er den einaste som har direkte tilgang til Kaptein Sabeltann si borg. Han følgjer også med så alle gjer jobben sin i landsbyen Abra Havn.
Langemann har inga kone, men har varme kjensler for figuren Rosa. Det var Langemann som redda Pinky frå vraket av skuta til Morgan, og han har sidan passa på Pinky i Abra Havn når han ikkje har vore på tokt.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Langemann, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.