Plattysk, nedertysk eller lågtysk er eit vestgermansk språk nært i slekt med nederlandsk og frisisk som først og fremst blir tala i det nordlege Tyskland.
Plattysk var hovudspråket for hansaene i seinmellomalderen og kom til å få svært sterk innverknad på dei skandinaviske språka.
Plattysk Plattdüütsch, Platt, Nedderdüütsch | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Germansk Vestgermansk | |
Bruk | ||
Tala i | Tyskland, Nederland, Brasil, USA, Argentina, Paraguay, Uruguay, Canada, Mexico | |
Område | Nord-Europa | |
Plattysktalande i alt | 5 millionar | |
Rangering | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem | det latinske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | - | |
ISO 639-2 | nds | |
ISO 639-3 | nds |
Plattysk skil seg ut frå høgtysk ved at den høgtyske konsonantforskyvinga ikkje har funne stad, og stort sett òg ved mangelen av diftongering av dei gamle lange vokalane î og û.
Nedertysk kan delast i tre greiner: Nedersaksisk, austnedertysk og nederfrankisk. Dei første to blir hovudsakleg tala i dagens Nord-Tyskland. Den siste omfattar nederlandsk og afrikaans som blir tala i Sør-Afrika.
Engelsk og frisisk er utvikla frå ei eldre form for nedertysk, gammalsaksisk (også kalla gammalnedertysk).
I hansatida var nedertysk lingua franca i heile Austersjøområdet, noko som i stor grad har prega utviklinga av dei skandinaviske språka. Ein reknar med at mellom 30 og 40 prosent, eller meir, av det daglege norske vokabularet er av nedertysk opphav.
Utvandring til Amerika og i nokre høve eksistensen av religiøse samfunn som mennonittar har ført til at språket blir tala i land som Canada, USA, Mexico, Sør-Afrika, Sentral-Asia, Bolivia, Argentina, Brasil, Paraguay og Uruguay.
Nokre norske ord med opphav i lågtysk |
Plattysk stammar frå mellomnedertysk som blir datert til tida mellom 1150 og 1600. Dette språket igjen utvikla seg frå gammalnedertysk eller gammalsaksisk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Plattysk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.