København

København er hovudstaden og den største byen i Danmark, og har rundt ein halv million innbyggjarar.

I København finn ein det danske folketinget og regjeringa, og her bur òg dronninga. København har alltid vore ein viktig by i dansk historie, sjølv om han ikkje alltid har vore hovudstad. Han er i dag også hovudbyen i Storkøbenhavn, med 1,3 millionar innbyggarar (2016).

København
Nyhavn i København
Nyhavn i København
Nyhavn i København
Byvåpenet til København
Byvåpenet til København
Styresmakter
Land
Danmark
Borgarmeister Sophie Hæstorp Andersen Sjå dette på Wikidata
Geografi
Flatevidd 86,20 km²
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

88 km²
455,61 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik
 - Storbyområde

509 861
  5 777/km²
1 145 804
Koordinatar 55°43′N 12°34′E / 55.717°N 12.567°E / 55.717; 12.567
Diverse anna
Heimeside: Offisiell side
Plassering
København

København ligg ved Øresund på austkysten av Sjælland, og ein kan sjå over sundet til Skåne i Sverige. Sidan 2000 har han hatt bil- og togsamband med Malmö over Øresundbrua.

Namn

Byen blei først berre kalla Havn, Hafnia på latin. Grunnstoffet hafnium er kalla opp etter byen. Namnet Københamn kjem frå Købmandshavn, og det engelske Copenhagen kjem frå Kopenhagen, den plattyske forma av det nye namnet. På norsk har namnet òg vorte skrive Kjøpenhavn, Køpenhamn, Kjøpenhamn og Køpenhavn.

Historie

København skal ha vore grunnlagd rundt år 1000 av Svend Tveskæg eller Knud den Store, og var opphavleg eit fiskevær. I 1167 fekk biskop Absalon ansvaret for byen, og bygde si «Borg ved Havn». København låg midt i det danske riket heilt til Danmark tapte Skåne, Halland og Blekinge til Sverige.

Åtak

København er blitt utsett for åtak og kringsetjing fleire gonger. Hanseatane prøvde fleire gonger å ta byen. Karl X av Sverige kringsette han i 1658-59, men måtte til slutt gje opp. Den britiske og danske marinen hadde eit sjøslag i byhamna i 1801, og i 1807 bomba britane byen for å hindra at den danske flåten skulle hjelpa Napoleon; fleire hundre menneske vart drepne og bygningar vart øydelagde. Under den andre verdskrigen var byen okkupert av tyske styrkar.

Kultur

Bygningar og institusjonar

Styresmakter

Borgarmeister er Frank Jensen (2018).

Kjende personar frå København

Bakgrunnsstoff

København  Wiki Commons har multimedia som gjeld: København

Tags:

København NamnKøbenhavn HistorieKøbenhavn KulturKøbenhavn StyresmakterKøbenhavn Kjende personar frå København BakgrunnsstoffKøbenhavnDanmarkDet danske folketingetHovudstad

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SlovenskFrits ThaulowStorfuglPedro I av BrasilHardingdialektGonzález IslandSkandinaviaKristin SkogheimElisabeth TerlandTidvatnMånenMontserrat CaballéMusculus latissimus dorsiRoger McGuinnNasjonale minoritetar i NoregKjøleskapBjørnMesonDei fire årstideneZagóriStenografiRSSNederlandskStein EriksenVillsauMesopotamiaAndreas BlochNordfjordeidMayo ClinicDisney Channel SkandinaviaJens StoltenbergSpesifikk varmekapasitetTakanori NakajimaEino KirjonenReguleringsventilTatjana TomasjovaFA-cupfinalen i fotball 2001Cupvinnarcupfinalen i fotball 1969Richie FaulknerRaudstrupeMarokkoBobby BareLuster kommuneLyonerListe over primtalAngela WinbushTsjekkiaHomo erectusSnikkarNorges HåndballforbundHellasTrond Fausa AurvågErik SatieEnduroJaroslav SoukupØresundbruaDanmark-NoregA Deepness In the SkyEritreaOve AunliIsraelMolde kommuneAndefamilienStorspoveSeglskipAmursvaleNoregDan Børge AkerøAluminiumForelskingMispelLol CremeKongsberg Idrettsforening🡆 More