Kvit Blodlekam: Type celle i immunsystemet

Kvite blodlekamar eller kvite blodceller, også kalla leukocyttar, er ei fellesnemning på ei gruppe celler som utgjer ein del av blodet i kroppen.

Desse cellene beskyttar kroppen mot infeksjonar og er ein sentral del av immunsystemet.

Typar

Granulocyttar

Granulocyttar har fått namn etter korleis dei ser ut i mikroskop, forstørra opp ser ein klart at dei har mange små kular (svarte prikkar) inni cella forutan sjølve cellekjerna. Det finst fleire ulike typar, mellom dei nøytrolfile granulocyttar, basofile granulocyttar og eosinofile granulocyttar. Alle dei tre typane vert utvikla frå ei felles modercelle (myeloblast). Jo meir denne cella delar seg, jo fleire «flekkar» (granular) får cella.

Agranulocyttar

Lymfocyttar

Lymfocyttar er ein viktig del av det spesifikke immunsystemet. B-lymfocyttar er ei celle som har spesielle reseptorar festa til seg. Desse reseptorane er spesifikke for kvar bakterie, slik at dei berre festar seg til ein bestemt type antigen hjå bakteriane. Vidare byrjar B-lymfocyttane i dele seg til såkalla plasmaceller, som byrjar å produsere antistoff som høver til ein spesiell bakterie. Antistoffa festar seg så på denne bakterien. No kan antistoffa løyse opp bakteriane med ein gong, ved hjelp av enzymar som antistoffa fører med seg. Antistoffa kan òg gjere skade på celleveggen slik at det vert lettare for fagocyttane å øydeleggje dei. Nokre antistoff har òg den eigenskapen at dei kan binde saman fleire bakteriar til store klumpar slik at dei ikkje kan fungere.

T-lymfocyttar er celler som i motsetnad til B-lymfocyttane, ikkje går til åtak på bakteriar. Dei har som hovudoppgåve å bekjempe virus og kreftceller. Alle virusinfiserte celler har til liks med bakteriar ein spesifikk overflate (makromolekyl) som immunsystemet kan kjenne att. T-åtaksceller går så til åtak på dei virusinfiserte cellene. Når ein T-lymfocytt kjenner att overflata på eit virus eller ei kreftcelle byrjar cella å dele seg. Sidan denne prosessen går seint, tek det fleire dagar før det er nok lymfocyttar i blodet til å slå attende infeksjonen.

Monocyttar

Makrofagar

Tags:

Kvit Blodlekam TyparKvit BlodlekamBlodCelleImmunsystemet

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Michael UhrmannKaderKjøleskapAnnaFrits ThaulowDen libyske borgarkrigenRimChristianiaBryggen i BergenJohn P. HammondSystem of a DownJernMull of Kintyre av WingsMahatma GandhiIrakTorbjørn Røe IsaksenGarij NapalkovInformasjonskapselUSALarge Binocular TelescopeGranadaPeter F. WolfFA-cupfinalen i fotball 2001Carles PuigdemontHilkka RiihivuoriKrysantemumObligasjonCanon EOS 250DSjakkStephenie MeyerKabelsporvognAsker kommuneTempest av Bob DylanOuverture i fransk stilKongedømet MallorcaSamleieNile RodgersSmash!ISBNAsbjørnsen og MoeFacesBruno CoutinhoFilmserien Harry PotterKommunismeJoar NangoUigurarHellasBloggGullIngrid Bolsø BerdalFilippinaneEininga barElvis PresleyPHThe Concert in Central ParkSudokuVitskap i 1881Aleksandr Ragulin1641X av Kylie MinogueFabian RießleLitauenKillingPelle Politibil1055 TynkaNautisk milCupvinnarcupfinalen i fotball 1979FiskStein EriksenEOrganistMP3Dickey BettsIvar Lo-JohanssonJerry Leiber og Mike Stoller🡆 More