Kvede

Kvede eller vanleg kvede er ein art i planteslekta Cydonia i rosefamilien.

Kvede
Kvede
Kvede
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Slekt: Cydonia
Art: Kvede C. oblonga
Vitskapleg namn
Cydonia oblonga

Han har gule, lodne frukter som er blitt brukt til mat og medisin i lang tid.

Kvede
Kvedeblomar

Kvede stammar frå Asia. Planten veks naturleg i grusskrenter og skogkantar i vestasiatiske land som Armenia, Tyrkia, Georgia, nordlege Iran og Afghanistan. Nokre kjelder strekk utbreiingsområdet så langt nord som til Latvia. Treet toler ei rekkje ulike klima, og kan veksa så langt nord som Skottland.

Fruktene har gult, loddent skal, storleik som ei grapefrukt og fasong som eple eller pære. Fruktkjøtet er fast og pektinrikt, kjernehuset har brune frø med smak av bitre mandlar. Frøa er slimhaldige. Ein et ikkje fruktene rå, men varmebehandlar dei. Kvede eigner seg godt til sylting, og blir mellom anna brukt til marmelade.

Unge kvedetre blir ofte brukt som grunnstammar for pæretre.

Ordet kvede blir også brukt om andre slekter i rosefamilien, som eldkvede (Chaenomeles). Frukta frå desse plantane liknar kvedar, og kan brukast på liknande vis til mat.

Kjelder

Tags:

Rosefamilien

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

EGåsArbeidarpartietSnow White and the Seven DwarfsPeriferieininga IoánninaHerr Jesu Christ, wahr' Mensch und GottSamisk språkhistorieSigmaWilliam OrpenEtnos og demosNazismeAtommodellFuerteventuraVegard UlvangHellerman RocksKrigReligiøse nasjonalsymbol8. aprilStøytionisasjonCarl LarssonFilmen EllingA Touch of ClassFinskMariann Vestbøstad MarthinsenBelgiaMuhammedValerij ZaluzjnyjJernItaliaØystein SundeSvastika2006AnimismeBærum SportsklubbAnita O'DayTrepunktsopphengRakiaAustralopithecusStoffskifteVM i alpine greiner 2019IsCelina MidelfartGrønlandMount Salisbury i AntarktisLufttrykkJerry Leiber og Mike StollerHarriet BackerNord-AmerikaBiologisk familieDei sameinte arabiske emirataMogopDemi LovatoEmma WatsonVinter-OL 1988RussenorskTarasåsenDanmarkPeter ŠťastnýXboxSusanne SundførRombeSylvi ListhaugNasjonaldyrTyrkiaJavier CulsonMoldau1900-taletWikipediaSvartehavetA4Buskerud fylkeThe Big Bang TheoryIsaac NewtonBobby BareEukaryotar🡆 More