Kvanteelektrodynamikk er eit felt innan fysikk som byggjer på kvantefysikk og elektrodynamikk.
Det tek for seg vekselverknaden mellom elektromagnetiske felt og partiklar med elektrisk lading, og er den første teorien som sameiner kvantemekanikk og den spesielle relativitetsteorien. Kvanteelektrodynamikken blei utvikla av mellom anna Richard Feynman, Sin-Itiro Tomonaga og Julian Schwinger, som saman fekk nobelprisen i fysikk for dette arbeidet i 1965. Tillegg av David Gross, Frank Wilczek og David Politzer førte til at desse fekk prisen i 2004. Grunnlaget for kvanteelektrodynamikken blei lagt sist på 1920-talet av Paul Dirac, Werner Heisenberg og Wolfgang Pauli.
«kvantelektrodynamikk» i Store norske leksikon, snl.no.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kvanteelektrodynamikk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.