Kurmanbek Salijevitsj Bakijev (fødd 1.
august 1949) er ein kirgisisk politikar som var president i Kirgisistan frå 24. mars 2005 til april 2010.
Kurmanbek Bakijev | |
Verkeleg namn | Курманбек Салиевич Бакиев |
Statsborgarskap | Kirgisistan |
Fødd | 1. august 1949 (74 år) Masadan |
Yrke | politikar |
Verv | President i Kirgisistan |
Periode | 2005-2010 |
Etterfylgjar | Roza Otunbajeva |
Verv | Statsminister i Kirgisistan |
Periode | 2000-2002 |
Etterfylgjar | Nikolaj Tanajev |
Politisk parti | Ak Jol, People's Movement of Kyrgyzstan, partilaus |
Religion | Sunniislam |
Ektefelle | Tatyana Bakiyeva |
Kurmanbek Bakijev på Commons |
Bakijev vart fødd i landsbyen Masadan i Zjalal-Abad oblast. I 1972 vart han ferdig utdanna elektroingeniør frå universitetet i Kujbysjev (no Samara). Han arbeidde som ingeniør, overingeniør, og til slutt fabrikkdirektør i Kirgisistan. I 1992 fekk han leiarverv i lokalpolitikken, og var frå 1997 til 2000 provinsguvernør i Tsjuj oblast. Frå desember 2000 til mai 2002 var han statsminister i Kirgisistan, utnevnt av president Askar Akajev. Han gjekk av som statsminister etter at fem menneske hadde blitt skotne og drepne av opprørspolitiet under demonstrasjonar mot president Akajev i byen Aksy. Etter dette var Bakijev i opposisjon til Akajev. Frå 2003 til 2005 sat han som parlamentsmedlem. Ved valet i 2005 kom han ikkje inn i parlamentet. Han var likevel ein av dei fremste opposisjonsleiarane. I mars 2005 vart Akajev nøydd å gå av og reisa i eksil, etter store demonstrasjonar mot regimet, i den såkalla "tulipanrevolusjonen". Bakijev vart fungerande president. Ved presidentvalet 10. juli 2005 allierte han seg med den andre fremste opposisjonsleiaren, Feliks Kulov. Han vart vald med 88 % av røystene. Kulov vart statsminister. I 2006 måtte Bakijev tola sjølv å få massive demonstrasjonar retta mot seg.
Under presidentvalget i Kirgisistan 23. juli 2009 blei han attvald for fem nye år, i eit val der den fremste opposisjonskandidaten trekte seg grunna påstått valfusk.
I april 2010 vart han styrta etter omfattande gatedemonstrasjonar og anklagar om eit autoritært styresett og omfattande korrupsjon.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kurmanbek Bakijev, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.