Kulturvern er ei samlenemning for arbeid med innsamling, dokumentasjon og formidling av materielle og immaterielle kulturuttrykk.
Materielt kulturvern kan seiast å arbeide for å sikre konkrete gjenstandar (kulturminne) og den kunnskapen dei fortel. Dette området går ofte under nemninga kulturminnevern. Den offentlege innsatsen innan kulturminnevernet vert i Noreg leia av Riksantikvaren, eit eige direktorat under Miljøverndepartementet.
Immaterielt kulturvern er det å ta vare på kunnskapar om handverk, teknikkar, soger og alle typar bakgrunnsstoff rundt dette.
Svært ofte er det samspelet mellom den konkrete gjenstanden (kulturminnet) og kunnskapen om kva dette kulturminnet fortel eller dokumenterer som er det verdifulle.
Svært mykje av kulturvernarbeidet i Noreg skjer gjennom frivillige lag og samskipnader, der dei aller fleste er organiserte i paraplyorganisasjonen Noregs kulturvernforbund som òg var sekretariat for Kulturminneåret 2009. Den offentlege innsatsen i Noreg er spreidd mellom fleire departement og direktorat, men særleg Miljøverndepartementet med Riksantikvaren og Kultur- og kyrkjedepartementet gjennom ABM-utvikling og museum.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kulturvern, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.