Kuleramme

Ei kuleramme eller eit reknebrett (også kalla abakus) er ein reiskap brukt som hjelperåd til å telja eller rekna med.

Ei kuleramme er laga av ei ramme med fleire stavar eller trådar. Kvar tråd har kuler på som kan takast fram og tilbake. Ein tel ved å flytta kulene på trådane i samsvar med eit system, og finn løysinga frå stoda åt kulene etter at rekninga vert ferdig. Kulerammer er i dag mest brukte i aust- og søraust-Asia, særleg i Kina og Japan.

Kuleramme
Ei kinesisk kuleramme

Bruk

Kuleramme 
Addisjon av 32 og 9 med ei kuleramme

Den kinesiske kuleramma har vanlegvis sju eller fleire stavar som står for, frå høgre til venstre, eintal, tital, hundretal, osb. Kvar stav er delt opp i to avdelingar. Den øvre avdelinga har to kuler medan den nedre har fem. Kvar kule under skiljelista har verdien 1 når ho er flytta opp mot skiljelista, og verdien 0 når ho er flytta ned mot ramma. I den øvre gruppa har kvar kule verdien 5 når ho er flytta ned mot skiljelista og 0 når ho er flytta opp mot ramma. Ein kan dimed visa fram ikkje berre tala frå 0 til 9, men også tala A-F frå sekstentalsystemet.

Biletet til venstre viser korleis ein bruker ei kuleramme for å leggja saman to tal, 32 og 9 i dette dømet. Ein tek ei tom kuleramme (steg 1), og set kuler slik at dei viser fram det fyrste talet, her 32. For å gjera det må ein flytta opp to kuler frå den lågare avdelinga (verdi 1+1) mot skiljelista på eintalsstaven, og tre kuler mot skiljelista på titalsstaven (verdi 10+10+10) (steg 2). Det neste steget er å leggja til 9. I det meste vanlege systemet tek ein 9 som 10-1 i addisjon, det vil sei, ein legg til 10 og so trekk frå 1. Ein byrjar difor med å flytta to kuler frå den høgare avdelinga ned mot skiljelista for å addera 10 (steg 3). Når begge kuler ligg mot skiljelista på eintalsstaven er det ein regel at ein må flytta opp ei kule på den neste staven (steg 4), og flytta tilbake dei to kulene på den fyrste staven (steg 5). No trekk ein frå 1, ved å flytta ned ei kule på eintalsstaven (steg 6) for å få løysinga, 41.

For å trekka frå gjer ein det same, bortsett frå at ein flyttar kuler vekk frå skiljelista istaden for motatt skiljelista. Det finst òg reglar for ganging, deling, kvadratrøtter og kubikkrøtter. Ein som er vant med kuleramme kan finna løysingar fortare enn ein som bruker reknemaskin.

Historie

Kuleramme 
Ei kuleramme som var brukt i danske grunnskuler tidleg på 1900-talet
Kuleramme 
Ei rekonstruert romersk kuleramme

Kulerammer er kjent frå gamle tider. Ein trur at dei fyrst vart brukte av sumerarar i Mesopotamia, som talde ved hjelp av småstein som dei sette på linjer teikna i sanden. Grekarane og romarane brukte fòrer for å gjera det lettare å flytta teljarane, som utvikla seg til trådane som finst på moderne kulerammer. Kulerammer vart mykje nytta i Europa i mellomalderen når det var vanleg å bruka romartala, fordi det var vanskeleg å telja med desse tala. Dei gjekk ut av av bruk etter at Europa gjekk over til det arabiske talsystemet, og er i dag nesten berre brukt som barneleiker eller for å lære barn til å telja.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Tags:

Kuleramme BrukKuleramme HistorieKuleramme BakgrunnsstoffKuleramme KjelderKulerammeJapanKinaKuleReiskapTråd

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SeladonPåskekyllingJonsokAlenHallgeir BrendenVM i skiskyting 2021Aretha FranklinDalarna1. juliKakebuHaitiEM i fotball 2000ÆrfuglCanadaAntonio BanderasSkjærtorsdagSlaget om StalingradAtle HamarMeisterklasseMargrethe II av DanmarkNordkappbankenDet engelske herrelandslaget i fotballYSortland kommuneBiologisk familieTelemark fylkeVonRabagastVerdas språk etter utbreiingVM i fotball 2022SiamPablo NerudaPortugisiskAndre verdskrigenSkottlandNordaustpassasjenSovjetunionens kommunistiske partiYtstetindenSionistNorske bistands- og utviklingsministrarAmerikanske urfolkspråkInformasjonskapselKommunevåpen i NoregMartin ØdegaardDet indiske kastesystemetNasjonaldrikkHerjedalenGroßpetersdorfHertuginneStorspoveRundeskattenAureSverigeMarilyn MonroeThe Kids1974BjørnWashington County i OregonDen store brennevinsdagenChristian Holberg Gran OlsenFiskebankeNedbørMonogamiEM i fotball 2008Nintendo 3DSBrest i FrankrikeAad GjelleKasakhstanSpotifyNobelprisen i litteraturGulOffentleg eigedomPåskekrimBygdedyret🡆 More