Kuk er ein arkeologisk funnstad på Papua Ny-Guinea.
Han er ein av stadene der jordbruk utvikla seg, og det er funne spor etter grøfter her laga for 9000 år sidan. Ein dyrka taro, jams og seinare banan og sukkerrøyr her. Kuk blei teken med på UNESCO si verdsarvliste i 2008.
| |||
Land | Papua Ny-Guinea | ||
---|---|---|---|
Innskriven ved UNESCOs 32. sesjon i 2008. Referansenr. 887. | |||
Kriterium: | III, IV | ||
Sjå òg | Verdsarvstader i Asia og Oseania | ||
Bakgrunnsstoff | Kuk tidlege jordbruksområde ved unesco.org |
Etterkvart som arkeologar utvida utgravinange sine til område utanfor Europa og Midtausten er det gjort funn som på mange måtar har endret tidlegare aksepterte syn. iEt døme er 5000-6000 år gamle dreneringskanaler i myrområdet Kuk i høglandet på Ny-Guinea. I ca. 4000 år, fram til ca. 800 e.Kr., blei det drive intensivt og arbeidskrevande jordbruk i dette området, trulig med dyrking av taro og jams. Korleis og kvifor dette jordbruket utvikla seg, og kvifor det ikkje utvikla seg vidare, er ukjent. Det ser ut til at grisen blei introdusert til Ny-Guinea som husdyr så tidleg som for rundt 10 000 år sidan, og då truleg i samanamde med eit omfattende svibruk. For rundt 9000 år sidan blei skjel og sniglar frakta frå kysten i vareutveksling opp til høglandet, truleg som ledd i ei viss politisk sentralisering rundt ein «stor mann». Innføringa av taro auka høvet for politisk sentralisering ettersom ho tillet ein mykje tettare folkesetnad, særleg når dyrking fann stad gjennom intensiv hagebruk. Dette var truleg bakgrunnen for jordbruket i Kukmyra. Då det blei gitt opp rundt 800 e.Kr. kan det ha samanheng med introduksjonen av søtpotet frå Amerika over Stillehavet. Med sin større motstand mot kulde gjorde søtpoteta det meir fordelaktig å drive med ekstensivt svibruk i høgareliggende strøk enn å fortsetta med det intensive jordbruket i sumpområda.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kuk på Ny-Guinea, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.