Krykkje (Rissa tridactyla) er ein fugl i måsefamilien.
Krykkje | |
Krykkje | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sårbar Status i Noreg: Sterkt truga Utbreiinga av krykkje | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Underorden: | Lari |
Familie: | Måsefamilien Laridae |
Slekt: | Krykkjer Rissa |
Art: | Krykkje R. tridactyla |
Vitskapleg namn | |
Rissa tridactyla |
Krykkje vert ogso kalla for tretåmåse. Arten er kategorisert som globalt sårbar og sterkt truga i Noreg.
Dei vaksne fuglane har grå overside, medan resten av kroppen er kvit. Beina er svarte, med symjeføter, men vantar baktå. Dei har svarte vengespissar. Kjønna er like. Ungfugl har ei gråspragla fjørdrakt, men dei karakteristiske svarte vengespissane er der. Krykkja er om lag jamstor med fiskemåsen, 350 gram og 40 cm lang.
Krykkja finst frå Rogaland og nord til grensa mot Russland. Ho er knytt til sjøen og er eit sjeldan syn i innlandet.
Fuglen hekkar i koloniar i bratte fjellveggar (fuglefjell), ofte saman med alker og anna sjøfugl. Utanfor hekketida held krykkja seg berre til havs, der ho livnærer seg på små marine dyr og fisk.
Sidan år 2010 har krykkje vore ført opp i kategorien sterkt truga (EN) på norsk raudliste for artar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Krykkje, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.