Krematorium (av latin: cremo «brenne», «brenne opp») er ein bygning der menneskelik vert brent i ein kremasjonsomn.
Ofte er det i bygningen eit kapell eller anna lokale for gravferdsseremoniar, og då vert heile komplekset kalla eit krematorium.
Kremasjonsprosessen tek om lag ein time og går føre seg i elektriske, gassfyrte eller oljefyrte omnar som held ein temperatur på mellom 760-1150 °C. Asken og eventuelle knokkelrestar vert kverna saman til eit fint støv og lagt i ein urne saman med ein keramisk identifikasjonsbrikke.
Likbrenning har lange tradisjonar i både Skandinavia og verda elles, og var soleis òg vanleg i Noreg i førkristen tid. Men med kristninga tok skikken slutt, då ein meinte at brenninga av lika var til hinder for at dei avlidne kunne stå opp lekamleg frå gravene sine og møte dommen på den siste dag (dommedag). Men på slutten av 1800-talet kom likbrenning likevel på tale som ei løysing på helseproblem og problema med at store areal måtte leggjast ut til gravlundar i dei stendig veksande byane, og ved Verdsutstillinga i Wien i 1873 kunne den italinske professoren Brunetti presentere ein modell til eit brukeleg brennkammer. Etter at kremasjon hadde vorte tillate i Italia, fekk Milano det fyrste krematoriet i 1876. Same åretvart det fyrste krematoriet i USA oppført av Julius LeMoyne i Washington i Pennsylvania, og i Tyskland vart det fyrste krematoriet oppført i 1878, i Sverige i 1887 og i Danmark i 1893. I Noreg vart kremasjon lovleg i 1898, og det fyrste norske krematoriet opna på Møllendal i Bergen i 1907. Bygningen vart teikna i 1906 av arkitekt Schak August Steenberg Bull (1858-1956), som òg var leiar av Bergens Likbrendingsforening den fyrste tida.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Krematorium, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.