Konjunktivitt

Konjunktivitt eller augekatarr er ein inflammasjon av konjunktiva i auga.

Det er den klart vanlegaste augesjukdommen og alvorsgraden kan vere frå heilt ufarleg til synstruande. Han består i ein inflammasjon av konjuktiva, og kan delast inn etter utløysande årsak.

Allergisk konjuktivitt

Akutt

Dette er det vanlege raude auge allergikarar får om dei kjem i kontakt med allergenar (kattehår, pollen etc.).

Kronisk

Artar seg som dobbeltsidig raudt auge med kløe og renning. Kan oppstå ved særs uttalt allergi, og kan då vere sesongavhengig (pollensesong).

Infeksiøs konjunktivitt

Amøboid

Sjeldan årsak til konjuktivitt i Noreg, men kan vere veldig alvorleg.

Bakteriell

Alvorleg form for konjuktivitt som krev behandling. Mogelege agens er Pseudomonas aeruginosa, Neisseria Gonorrhéa og Chlamydia tracomatis (dei to siste hos barn ved smitte frå fødselskanalen - sjeldan).

Konjunktivitt 
Gonorréisk konjunktivitt hos eit spedbarn

Er i dag sjeldne former for bakterielle konjunktivittar. Kan oppstå hos nyfødde barn om mødre har ein genital infeksjon. I byrjinga av 1800-talet var desse infeksjonane langt vanlegare, og ein dryppet alle nyfødde med lapisdråpar i augo (Credés profylakse).

Viral

Den vanlegaste og minst alvorlege forma for infeksiøs konjunktivitt. Vanleg epidemi i barnehagar, og vil som regel ikkje trenge behandling.

Irritativ konjunktivitt

Mekanisk

Framandlekamar i auga kan irritere og gje konjunktivitt. Ved langvarig irritasjon kan dei gje epitelskadar.

Toksisk

Kjemiske stoff (syrer, baser, vaskemiddel etc.) som kjem i auge kan irritere og gje konjuntivitt.

Behandling

Allergisk konjuktivitt

Vert behandla med antihistamin (cetrizin) eller steroidar.

Infeksiøs konjunktivitt

Bakterielle og amøboide vert behandla med antibiotika (chloramphenicol, erythromycin). Virale vert i utganspunktet ikkje behandla, men kan eventuelt behandlast med antivirale midlar (aciklovir).

Irritativ konjuntivitt

Vert behandla ved å fjerne irriterande årsak (t.d. skylje auge, fjerne framandlekamen etc). Ved behov kan ein gje smertestillande augedropar (ibuprocain).

Kjelder

Tags:

Konjunktivitt Allergisk konjuktivittKonjunktivitt Infeksiøs konjunktivittKonjunktivitt Irritativ konjunktivittKonjunktivitt BehandlingKonjunktivitt KjelderKonjunktivittInflammasjon

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Linda EideSlaurKristopher SchauAngstPeer Gynt-prisenFaryngittCelsiusSør-KoreaAfrikaBarentshavet17. aprilDet ukrainske alfabetetLokeMarius UrzicăBroadwayStaphylococcus epidermidisDet norske alfabetetJernDigital object identifierBorkNéo PetrítsiSunndalsøraKarbalaKari Werner ØfstiThor HeyerdahlRegjeringPresident i FinlandAnders Behring BreivikDet tredje riketNettlesarKvartalTraktorKvadratmeterCountryVerdsdelLand i Eurovision Song ContestEmma EllingsenErik AndersenSandefjord kommuneNorske kommuneslagordTysklandEddadiktOppdrag Sognefjorden«Tirpitz» i ÅsenfjordenPolygamiZinédine ZidaneHypernovaSamvirkelagGoogleBokmålAstrid LindgrenEkstremvêret KristinVassøyna i GulenSibirMargrethe II av DanmarkDei fem K-ane i sikhismenCoComFramstegspartietCubaHaram kommuneTurbanÅrstidHaakon Magnus av NoregAdolf HitlerPakistanLibanonRomersk kamilleTandemboggiBergen kommuneNorske fylkeskommuneslagordHyseVulkanar i ItaliaTonari no Totoro🡆 More