Konjunktiv er eit modus av verbet.
Verbforma vert på norsk òg kalla ønskjemåten av verbet, sidan forma på norsk helst vert nytta i ønske og oppmodingar, som leve kongen! eller signe maten!, og i uttrykk som takk vere («på grunn av»).
I presens svarer konjunktivforma til infinitivsforma med endinga –e, eller til infinitiv utan ending der verbet endar på rotvokalen: 'dømme', 'tru'.
I norsk språk vert konjunktiv no mest bruka til høgtidssam, religiøs stil og i faste vendingar, oftast som uttrykk for eit ønske: «Herren velsigne deg og vare deg!» I preteritum er konjunktiv sjeldan nytta i norsk, i den eldste landsmålslitteraturen kan ein leite fram nokre få døme.
I moderne norsk har tidsforskyving av verbet kome i staden for hypotetiske konjunktiv. Tidsforskyving frå presens til preteritum kan vise at noko er uverkeleg, tenkt eller ønskt: «Var det råd å få seg ein matbete?» «Så fint det var her!»
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Konjunktiv, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.