Konflikt (frå latin confligere, 'støyte saman') viser til fleire kjensler eller hendingar mellom personar eller grupper.
Konflikt kan vera samanstøyt eller strid, særleg mellom personar, samfunnsgrupper eller statar kan ha røter til usemje mellom interesser, idear, retningar, kjensler eller liknande. Konfliktar kan uttrykkast med fredelege middel, som debattar, demonstrasjonar og andre protestar, eller bli til ei valdeleg konflikt, til dømes gjennom opptøyar eller krig.
Konflikt innan eit menneskesinn er ein tilstand der to eller fleire motstridande ynskje, impulsar eller motiv er til stades på same tid. Langvarige eller sterke uløyselege konfliktar kan vera sterk mentalt tyngjande og medverka til emosjonell uro. Også konfliktar mellom innbyrdes motstridande erfaringar (kognitiv dissonans); mellom korleis ein oppfattar seg sjølv og korleis ein helst vil vera (sjølvbilete/sjølvideal); eller mellom forventningane ulike grupper har til same person (rollekonfliktar), kan ha stor vekt for personen, både i konstruktiv og i negativ retning.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Konflikt, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.