Koji Kondo (fødd 13.
august">13. august 1961) er ein japansk musikar, komponist og lydregissør som arbeider for dataspelutviklaren Nintendo. Han er mest kjend for å ha komponert musikk for dataspela i seriane Super Mario og The Legend of Zelda, i tillegg til andre spel utvikla for Nintendo.
Koji Kondo | |
Statsborgarskap | Japan |
Fødd | 13. august 1961 (62 år) Nagoya |
Yrke | komponist, pianist, lyddesignar |
Språk | japansk |
Koji Kondo på Commons |
Kondo var opphavleg hyra av Nintendo i 1984, og vart den første personen som var tilsett i selskapet for å spesialisere seg i komposisjonar av musikk til dataspel. Kort tid etter vart han tilsett som lyddesignar i 1985-dataspelet Super Mario Bros. Komposisjonen for dette spelet er rekna som blant dei mest attkjennande innan dataspel.
Kondo er ofte rekna som ein av dei mest framståande komponistane i den popkulturelle sfæren som gjeld dataspel og andre digitale medium.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Koji Kondo, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.