Koffein (C8H10N4O2) er eit alkaloid som finst naturleg i eit 60-tals vekstar over heile verda, mellom anna kaffibønner, te, kolanøtter, guarana og i mindre mengd i kakaobønner.
Koffein kan òg framstillast kjemisk og tilsettast i mange leskedrikkar, slik som cola og Mountain Dew.
Rein koffein er ein luktfri kvit masse med ein karakteristisk bitter smak. Som kjemisk stoff er dei fremste eigenskapane stimulering av sentralnervesystemet, respirasjon og hjarterytme. Inntak av koffein medfører farmakologisk toleranse med til dels tydelege abstinenssymptom ved fråhald. Ved inntak av store mengder fungerer koffein som gift.
Koffein vart først isolert av den tyske kjemikaren Friedrich Ferdinand Runge i 1819.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Koffein, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.