Koevolusjon er gjensidig evolusjonær påverknad mellom to eller fleire ulike artar.
Kvar part i eit slikt tilhøve utøver selektivt press på dei andre partane, og vert såleis ein drivkraft for tilpassingar og utvikling.
Sjølve omgrepet ”koevolusjon” vart til i 1964 då Paul Erlich og Peter Raven publiserte ein banebrytande artikkel om gjensidig påverknad i utvikling av insekt og plantar. Døme på plante/insekt-koevolusjon er m.a. mutualismen mellom oksehornakasietreet og maurslekta Pseudomyrmex – mauren bur på planta og forsvarar ho aggressivt mot alle dyr som måtte finna det for godt å prøva å eta av ho. Til løn for dette forsyner akasien dei med næring i form av nektar og gule klumpar med feitt og protein.
Evolusjonære våpenkappløp kan utvikla seg ut frå konkurranse- eller predasjonstilhøve. Døme på det første er tre i skogen, som har ein tendens til å veksa seg større over generasjonane: Store tre får mest lys, medan små tre vert ståande i skuggen og døy før dei får spreidd gena sine.
Døme på eit evolusjonært våpenkappløp som grunnar i predasjon er tilhøvet mellom geparden og antilopene han jaktar på: Begge partar har utvikla evnar til høg akselerasjon; geparden for å få nok mat og antilopa for å kunne overleva lengst mogleg.
Når det er fleire enn to artar som verker inn på ein koevolusjonær prosess, kallar me det diffus koevolusjon. Dei fleste blomeplantar kan t.d. pollinerast av mange ulike slag insekt, sjølv om planten er tilpassa å bli pollinert av insekt og insekta er tilpassa å ta til seg næring frå blomar. Diffuse koevolusjonære mønster kan vera særs komplekse og stundom vanskelege å oppdaga
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Koevolusjon, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.