Knut Torbjørn Eggen (1.
november">1. november 1960–20. februar 2012) var ein tidlegare fotballspelar og fotballtrenar. Han var son til fotballtrenaren Nils Arne Eggen.
Knut Torbjørn Eggen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. november 1960 Orkdal kommune |
Død | 20. februar 2012 (51 år) |
Yrke | fotballspelar, fotballtrenar |
Høgd | 183 centimeter |
Far | Nils Arne Eggen |
Eggen trente Fredrikstad Fotballklubb opp frå 2. divisjon, via Adeccoligaen og til Tippeligaen på tre år (2001-2003). Altså greidde han to opprykk på to forsøk. Han enda med å vinne cupfinalen 2006, noko som blei siste kampen hans for klubben. Han jobba som sportsdirektør i Rosenborg BK frå 2007 - 2008. Sidan 1. august 2008 var Eggen fotballtrenar på Wang Toppidrett i Moss. 1. desember 2008 gjekk Eggen inn i stillinga som utviklingsansvarleg i Moss FK. Her leidde han éi trening i veka for A-laget til klubben.
Per 31. oktober 2007
Klubb | Stilling | Periode |
---|---|---|
Aalesund | Hovudtrenar | 1994-1996 |
Moss | Hovudtrenar | 1997-2001 |
Fredrikstad | Hovudtrenar | 2002-2006 |
Rosenborg | Sportsdirektør | 2007-2008 |
Moss | Utviklingsansvarleg | 2008-2012 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Knut Torbjørn Eggen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.