Klima I Sør-Stillehavet

Klimaet i Sør-Stillehavet er for det meste tropisk for dei fleste av dei mange øyane som ligg i dette store havområdet.

Det einaste uvêret ein treng å uroe seg for i dette området er tropiske syklonar. Hovudsakleg er det dei vestlege områda som er mest utsett, nær Salomonøyane, Tuvalu og Vanuatu. Under El Niño-episodar flyttar som regel syklonaktiviteten seg lenger austover mot øyar som Fiji, Samoa og Tahiti. Under La Niña vert derimot aktiviteten ført enno lenger vestover enn vanleg. Dei fleste syklonane går vest- eller sørvestover, og snur så austover igjen når dei har flytta seg sør for 20 ºS og bort frå dei fleste øyane i området.

Klima I Sør-Stillehavet
Øya Manu på Fiji

Bortsett frå dei tropiske syklonane er klimaet hovudsakleg vått. Temperaturane er forholdsvis høge, men litt lågare på vinterstid. Den søraustlege passatvinden bles nesten konstant og fører med seg regnbyger. I det store og heile er det ein god del våtare her enn i Karibia, særleg jo lenger vest ein kjem. Søraustsida av øyane, som møter den søraustlege passatvinden, får som regel litt meir nedbør enn dei nordvestlege områda. Nokre gongar i månaden kan det regne jamt i eit par dagar, men enkelte år kan ein òg ha opphaldsvêr i fleire veker.

Tags:

El NiñoFijiLa NiñaSalomonøyaneSamoaStillehavetTahitiTropisk syklonTuvaluVanuatu

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

LokeMosesSvart kattHindutempelEmma WatsonKon-Tiki-ekspedisjonenPierre CochereauKjell Kristian RikeAndre pinsedagBenito MussoliniArabiskNasjonaldyrCC AmfiLise AmundsenAtombombene over Hiroshima og NagasakiIP-adresseNyrealisme i litteraturenÅChampions LeagueNorheimsundWayback MachineBlåSnåsa kommuneTandemboggiRosaAlexandra RotanPink FloydOdinVik kommuneHjørundfjordenBarentshavetNordmannenFinnmark fylkeDet ukrainske alfabetetPolenNorske kommuneslagordMarco PoloApePiezometerMarian DrăgulescuSindikíWikimediaStaudeKristopher SchauBritiske monarkarBergens TidendeRumpeldunkSim sala bimSør-KoreaSvastikaGåsAsle Madssen StrandSikhismenDet tredje riketElon MuskSyriaSamisk språkhistorieHøgaste fjell i EuropaParlamentarisme i kommunarKnut Marius DjupvikRabagastAlver kommuneKilometerLinn UllmannJHVHHFader vårDet norske alfabetetLofotenGauderSubstantiv🡆 More