Klima I Russland

Klimaet i Russland har eit rykte på seg for vere ekstremt kaldt.

Likevel har store delar av landet ein gjennomsnittleg dagtemperatur over 20 °C om sommaren, og ein kan til og med få enkelte hetebølgjer. Torebyene vert sjeldan kraftige bortsett frå i fjellområda og på dei sørlege steppene. Ein kan ha periodar med lett regn eller snø over store delar av landet, og sjølv om periodane kan vare ganske lenge kjem det sjeldan store mengder. Dei einaste stadane som har ein normal årsnedbør over 1000 mm er kysten av Stillehavet og enkelte stasjonar i fjellet.

Klima I Russland
Den raude plassen og Leninmausoleet på vinterstid.

Den europeiske delen av Russland ligg langt nok vest til at maritim luft frå Atlanterhavet stundom kan påverke vêret. Aust for Uralfjella, i den asiatiske delen av landet, oppstår det ei enorm og kald luftmasse ut på hausten, som vert liggande til ut på våren. Det er dei lågareliggande områda som merkar denne kulda mest, og i åssidene kan temperaturen vere så mykje som 20 °C varmare. Likevel vil dei fleste områda av Sibir kome under -40 °C kvar vinter, og enkelte stader kan bli mykje kaldare. Den store temperaturskilnaden mellom aust og vest, gjer at moskovittar like gjerne kan dra vestover som sørover for å finne varmare forhold. Heile landet er kaldt nok til at det kan dekkast av eit 30 cm snødekke, som vert liggane heile vinteren. Russland har derimot hatt varmare vintrar dei siste tiåra, noko som vert sett på som eit teikn på global oppvarming. Særleg i den europeiske delen av landet har ein ikkje hatt kuldebølgjer like ofte som tidlegare, og dei har heller ikkje vore like intense.

Våren kjem fort på og i løpet av april og mai er det meste av snøen borte. Bortsett frå på den arktiske kysten og i dei austlege områda, kjem mesteparten av nedbøren om sommaren i form av regnbyer. Noko overraskande får Russland mesteparten av nedbøren sin i form av regn, og ikkje som snø. Sommaren varer derimot ikkje lenge, og allereie i september kan dei første snøflaka falle i Sibir når kaldlufta startar å byggje seg opp att.

Det europeiske Russland

Det er lett å forstå kvifor dei fleste byane i Russland ligg i vest. Klimaet her er meir som ein kjøligare versjon av det sentraleuropeiske klimaet, og langt mildare enn den ekstreme kulda i aust. Kysten av Barentshavet vert varma opp av Golfstraumen, sjølv om han ligg nord for polarsirkelen. Vintrane her får ein god del snøbyer, og er litt kaldare enn Moskva, medan somrane er fuktige med ein del yr. Våren er den tida på året det er størt sjans for klårvêr.

Dei skogkledde indre områda av det europeiske Russland, inkludert St. Petersburg og Moskva, får regn eller snø om lag annakvar dag, og ikkje fullt så ofte lenger sør. Regnbyene kjem av og til med tore om sommaren, særleg i områda nær Ukraina. Desse regnbyene varer ofte ikkje like lenge som snøvêret om vinteren, men det kjem sjeldan snø i store mengder. I periodar utan sommarregn kan ein få tørke, og då kan ofte eit røykteppe frå skogbrannar dekke store område. På dei sørlege steppene kan av og til ein tørr og varm vind, kalla sukhovei, øydelegge avlingar.

Temperaturane i den europeiske delen av Russland vert sjeldan så låge som i Sibir, men det er òg sjeldan å sjå temperaturar over 5-6 °C mellom desember og mars. Våren og hausten er som regel kort, og kjem ofte omkring den same tida kvart år. Frosten kjem i oktober, og i november byrjar det å snø. Smeltinga om våren startar i april.

Klimaet er litt varmare og meir variert nær Kaukasusfjella, som ligg heilt sør i Russland.

Sibir

Klima I Russland 
Bajkalsjøen i Sibir

Sidan Nordishavet er islagd store delar av året, har Sibir ikkje store opne vassflater som kan halde temperaturen i sjakk. Dette gjer at sommaren er forholdsvis varm, medan vinteren kan få svært låge temperaturar. Byen Jakutsk har hatt temperaturar under -60 °C om vinteren og nærare 40 °C om sommaren, ein skilnad på nesten 100 °C. Verkhojansk er derimot kjend for å vere den kaldaste byen i verda og her har ein hatt temperaturar ned mot -68 °C, det kaldaste som er målt på den nordlege halvkula. Den gjennomsnittlege minimumstemperaturen i januar er -53 °C.

Sjølv ved kysten av Nordishavet, som har skyer og kjølig pålandsvind store delar av sommaren, kan sørleg vind gje høge temperaturar. Likevel kan ein få frost i Sibir i juli. Dei fleste dagane er milde, og ikkje så ofte varme, og det er flest regnbyer tidleg på sommaren.

Om vinteren er temperaturane ofte brutale, og den kalde luftmassen strekkjer seg vanlegvis frå Bajkalsjøen til Verkhojansk. Lufta er derimot klår og svært roleg. Ein kan høyre lyden av sin eigen pust som frys til is, eller iståke som set seg på bakken. Dette vert kalla «kviskringa til stjernene» av dei lokale innbyggjarane. Den iskalde og tunge lufta vert liggande i ro over Sibir heile vinteren, og er årsaka til Sibirhøgtrykket.

Det fjerne austen

Klima I Russland 
Vulkanen Avatsjinskaja i Kamtsjtka.

Sibir har eit ekstremt klima med svært kalde vintrar, men klimaet kan vere nesten like barskt i dei austlegaste delane av Russland. Her kan ein ha kraftig vind året rundt, enkelte gonger over orkan styrke, både på vinteren og sommaren. På vinteren fører dette til ein kraftig vindavkjølingseffekt. Om vinteren gjev kulda frå Sibir svært låge temperaturar, medan kaldluft frå Nordishavet og det nordvestlege Stillehavet føre til tåke og kjølig vêr om sommaren. Ingen andre stader i verda går isfjella så langt mot ekvator som i Okhotskhavet. Våren er kanskje den finaste tida på året og har kaldt, men ofte klårt vêr.

Forholda på Kamtsjatka varierer mykje frå aust mot vest. Dei indre områda får mest sol og er det tørraste området, medan snøstormar kan råke kystområda. Petropavlovsk-Kamtsjatskij, som ligg heilt sør på halvøya, er den byen i Russland som får mest snø. Dei søraustlege områda av Russland får derimot eit meir monsunpåverka klima, som i den nordaustlege delen av Kina. Vladivostok er kaldare enn Moskva, men mykje våtare om sommaren.

Kjelder

Tags:

Klima I Russland Det europeiske RusslandKlima I Russland SibirKlima I Russland Det fjerne austenKlima I Russland KjelderKlima I RusslandHetebølgjeRegnSnøSteppeStillehavetTorevêr

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Jolly ColaJesusWiki CommonsHuai'anQueenSofie MarhaugEmmanuel MacronSantaliDanica PatrickTysklandVärmlandOtto JespersenKroatiaErling Braut HaalandEPA-traktorHalsnøyJulius CæsarJon FosseTonsillBjørnVerdas landLasse KjusHertuginneKjersti Herland JohnsenJacob ObrechtAbkhasiaAudhumblaBjørnøyaSauSaltTønsberg kommune«Fram»Hallgeir BrendenNetflixBirger EriksenÅrdal kommuneAkslaMorten SandøyLinn UllmannRøyskattWalesShetlandsøyaneLondon Borough of HillingdonFri programvareWikipediaTredje påskedagRusslandStorfuglNamnedagGerd-Liv VallaElisabeth AndreassenHalldis Moren VesaasStorspoveBarysentrumDag IngebrigtsenMelhus kommuneLohengrin sjokoladeBroen over KwaiSnømyrkreYParisTone Wilhelmsen TrøenNynorsk🡆 More