Klima I Asia

Klimaet i Asia er eit av dei mest varierete og kontrastfylte klima i verda.

Asia utgjer den største landmassen i verda, og er dobbelt så stort som Nord-Amerika, fem gongar så stort som Australia eller om lag 150 gonger større enn Noreg. På den eine sida finn ein Indiahavet og det tropiske Stillehavet, som har dei varmaste havoverflatetemperaturane i verda på ope hav. På den andre sida finn ein den arktiske kysten som har vinter året rundt. I hjarte av Asia finn ein Himalaya og Tibetplatået. Det er like stort som Sentral- og Vest-Europa til saman og har ei gjennomsnittleg høgd på nær 5000 m. Tibetplatået tvingar enorme luftmassar rundt seg, og utgjer ein svært viktig del av klimaet i store delar av Asia.

Klima I Asia
Himalaya og Tibetplatået styrer mykje av klimaet i Asia

Store fjellsystem lagar vanlegvis eit todelt vêrsystem med vått vêr på eine sida og tørt vêr på den andre. Himalya og Tibetplatået skapar derimot den asiatiske monsunen, som fører til store klimatiske kontrastar i områda den råkar. I hovudsak fører monsunen kald og tørr luft sørvestover om vinteren, og varm og fuktig luft nordaustover om sommaren. Den mest berømte monsunen har ein i India, men monsunen i Kina påverkar levesettet til minst like mange millionar menneske. Til og med dei sørlege områda av Sibir vert påverka av dette intense og storstilte vêrmønsteret. Monsunen har derimot ein del positive sider, og opprettheld jordbruk og busetjingar frå India til Japan, eit område som har meir enn to milliardar menneske eller 30 % av folkesetnaden på Jorda.

Ein har òg mange andre vêrforhold som påverkar klimaet. Ørkenar frå tropane til Arktis ligg mellom fjellrekkjene eller er strødd utover dei indre områda av kontinentet. Temperaturskilnadane i Asia er ekstreme, og ein kan ha temperaturar over 50 °C i delar av India og under −50 °C i Sibir. Det varme vatnet i det tropiske Stillehavet fører til fleire tropiske syklonar, kalla tyfonar, enn nokon annan stad i verda. Desse råkar dei sørlege og austlege delane av Asia.

Tags:

AsiaAustraliaHavoverflatetemperaturHimalayaIndiahavetKlimaLuftmasseNord-AmerikaNoregStillehavetTibetplatåetVest-Europa

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SigmaDanmarkKrysantemumEnkeltbekkasinRunerSolveig GulbrandsenVerdas landSkattLandsmålNorges Kommunistiske PartiDet australske flaggetKvadratmeterNamibiaParalía i PieríaVerktøyet filBuPandaPreben nesFredrik SolvangHar SedomAustlia i BergenBølgjeBiologisk familieRenaissanceCalisotaIP-adresseKlima i AustraliaSt. Paulus-øyaElfenbeinskystenGresk historieABBATrepunktsopphengSkuleMånen13. maiDet internasjonale fonetiske alfabetetUrfolkUkrainaAndre pinsedagSola kommuneNord-KyprosAlexander pawaIrakRhinenÞingvellirCelsiusKristoffer ColumbusIstidRekreasjonKnut HamsunBirminghamMøreFabien BarthezStrandUngarnGeir KarlstadGrønsteinSudanBarnefødselSauMorfinTredjedelsregelenSosiale mediumSovjetunionenHektarDadaisme27-årsklubbenSverd i fjellAbdusamet YigitCharles III av StorbritanniaMogulriketEtiopiaNeil Patrick HarrisPeter SellersVaktelIngrid Fiskaa🡆 More