Klima I Afrika

Klima i Afrika er prega av at Afrika er eit veldig kontinent som strekkjer seg over både den nordlege og sørlege halvkula.

Med over 30 millionar km² er det like stort som Kina, USA, India, Europa, Argentina og New Zealand til saman. Som eit gammalt kontinent som ikkje har blitt prega av istider slik som Skandinavia, er det bortsett frå området rundt Riftdalen, og små område i Sahara og Søraust-Afrika, eit kontinent med store slette- og platålandskap som er skapt gjennom mange millionar år. Sidan storparten av kontinentet ligg innanfor dei tropiske vendekrinsane 23,5° nord og 23,5° sør for ekvator vil sola stå i senit i nær heile Afrika ein gong i året. Afrika er prega av denne plasseringa, men det er òg mange andre omstende som spelar inn på klimaet, som skil seg både etter område og årstid.

Klima I Afrika
Klimasoner i Africa som viser skilje mellom varmt ørkenklima i Sahara (raudt), varmt steppeklima i Sahel (oransje) og tropisk klima i Sentral- og Vest-Afrika (blått). Sørlege Afrika omfattar overgangar mellom subtropisk og temperert klima (grønt) og meir ørken- eller halvtørre område ve Namibia og Botswana.

Storparten av Afrika får mindre enn 1400 millimeter nedbør i året, der store delar utgjer Namibørkenen og Sahara som får mindre enn 200 mm. Nokre stader i Sahara får dessutan mindre enn 1 mm i året. På den andre sida finn ein dei tropiske områda som er samla rundt Kongobassenget og på vest-/sørvest-kysten. Her har ein på ein målestasjon i Kamerunfjella (Debundscha) målt over 10 000 mm gjennomsnittleg nedbør per år.

På grunn av den tropiske plasseringa rundt ekvator varierer temperaturen generelt meir frå dag til natt enn gjennom året. Den daglege variasjonen ligg på rundt 10 til 15 °C, (bortsett frå ørkenane), medan den årlege er mindre enn 6 °C i 1/3 av kontinentet, og passerer ikkje 10 °C i storparten av Afrika sør for Sahara. Temperaturane det varierer mellom er for det meste over 5 °C (bortsett frå indre delar av det sørlege Afrika, og nordlege delar av Sahara), vanlegvis over 32 °C og i 30 % av kontinentet over 38 °C.

ITCZ

Som før nemnt dominerer den tropiske plasseringa over ekvator det afrikanske klimaet, slik som det òg vil dominere andre område på same breiddegrader. Vêrsystemet som oppstår rundt ekvator blir kalla den intertropiske konvergenssonen eller ITCZ (engelsk forkorting for InterTropical Convergence Zone). Dette er eit lågtrykksbelte som krinsar om jorda ved ekvator der fuktig luft frå under- og overliggjande breiddegrader møtest.

Under ITCZ er det mykje nedbør. Den kalde, tørre lufta kan ikkje søkke ned att ettersom den møter på varm luft som pressar opp, den blir såleis pressa mot dei subtropiske høgtrykksbelta (sjå fig.). Der den søkk ned tørr og kald rundt 30° N og S, og gir opphav til til dømes sahara- og kalahari-ørkenane. Noko av den tørre kalde lufta vil så gå tilbake mot ITCZ for å konvergere, stige og så bortetter. ITCZ forandrar difor sin posisjon ettersom sola sitt senitpunkt flyttar seg, og skaper dermed sesongmessig variasjon. Nedbøren under ITCZ fylgjer difor sonen si rørsle (og gir to regntoppar i året).

Den geografiske plasseringa i forhold til ekvator gir altså det generelle klimatologiske mønsteret, men andre faktorar spelar også inn. Områda rundt fjella i samband med Den store riftdalen får nedbør i eit område som ellers ikkje har nedbør i denne perioden, og det er også tendensar til meir nedbør rundt dei andre områda over 1500 meter over havet. Somaliaområdet på Afrikas horn, mottek veldig lite nedbør i forhold til kongobassenget på same breiddegrad. Dette er fordi overflatetemperaturen på havet utanfor Afrikas horn er relativt låg, slik at lufta som bles inn frå havet er relativt tørr og kald. Eit anna unntak er klimaet i kystlanda Ghana, Togo og Benin som er mykje tørrare enn kystlanda lenger nord-vest.

I tillegg til desse unntaka frå dei generelle tropisk tørre og tropisk våte områda kjem ytterkantane på kontinentet. På ei smal stripe heilt nord (hovudsakleg i Marokko, Algerie og Tunisia) og ei heilt sør (Sør-Afrika), er eit klima som blir kalla middelhavsklima. Her er det større sesongvariasjon, med temperaturar godt over 20 °C om sommaren og ned mot 10 °C om vinteren, når storparten av nedbøren kjem.

Kjelder

Tags:

AfrikaArgentinaEkvatorEuropaIndiaIstidKinaNew ZealandRiftdalenSaharaSkandinaviaUSA

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Sandro BotticelliFrankrikeRSSMount EverestParisJomfru MariaLitauenSumatraFurieElon MuskKongsberg GruppenFabian RießleAsker kommuneReal Life av Simple MindsHarriet BackerSeglskipMitoseLagerthaGunnhild SundliTuonelaKelly ClarksonCarl LarssonVitamin KInternettMarikkenCasanova av SupergruppaFilmen Land og fridomHaikuÅkerbærBeatrix av NederlandFreaks of Nature av KansasShrekMichael UhrmannRonja RøverdatterBon Iver, Bon IverDan Børge AkerøFinnmark fylkeBringet dem Herrn Ehre seines NamensNorges HåndballforbundInternasjonalenSkjorteOttar VendilkråkeAntiqueGrønlandVerdas landSunnmøreVilhelm III av EnglandThe 12 CollectionRayleeStorspoveUnicornVitskap i 1881IltalehtiEritreaDen amerikanske sjølvstenderesolusjonenIrrlichtBloggSelma LagerlöfRamnJump bluesFeyenoordLuftfartøyJonsokThomas JeffersonHar SedomVetle SkagastølstindIrakisk geografiBjørkefinkTidslinje over norsk historieJoar NangoAserbajdsjanGammalkyrkjeslaviskAkarnanikóKrysantemumPopulismePetter NorthugAlbaAndrej Krautsjanka🡆 More