Kjemisk Våpen

Kjemisk våpen er effektive, brutale og uføreseielege våpen laga med giftige kjemikaliar, og vart mykje brukt under den fyrste verdskrigen, og litt under den andre verdskrigen.

Våpenet fører meg seg mykje død eller skade på menneske, som ein del av kjemisk krigføring. Kjemiske våpen er klassifisert som masseøydeleggingsvåpen, og det er internasjonalt forbode å produsera, lagra og bruka kjemiske våpen. Kjemiske våpen er ikkje det same som biologiske våpen, kjernefysiske våpen eller radiologiske våpen. Kjemiske våpen kan verta mykje spreidd i gass-, væske- eller fast form, og kan lett bringa skade på andre enn dei tiltenkte måla. Nervegass, tåregass og pepperspray er tre døme frå nyare tid på giftige gassar brukt som kjemiske våpen.

Kjemisk Våpen
Giftgass brukt i eit åtak under den fyrste verdskrigen; Tyskarane tok i bruk giftig gass som eit milititært våpen under den fyrste verdskrigen 22. april 1915 under åtaket på Ypres. Dei første åtaka tyskarane gjorde var med berre å stilla opp gassbehaldarar, ta av lokka og la vinden blåsa gassen mot fienden. Dette vart gjort for å utnytta eit smutthull i Haagkonvensjonen som forbaud prosjektil fylt med gass; tyskarane argumenterte med at dei ikkje brukte slike prosjektil når gassen berre vart spreidd av vinden.

Kjemiske våpen vart for alvor brukt i stort omfang under den fyrste verdskrigen, der effekten av sennepsgass, fosgen-gass og andre giftige gassar årsaka pusteproblem, blinde og død.

Typar kjemiske våpen

Kjemiske stridmiddel vert klassifisert etter kva for effektar dei har på menneske.

Kjemisk Våpen 
Kanin vert brukt som tryggleikssjekk for å avdekka eventuelle lekkasjar av saringass i produksjonsanlegget Rocky Mountain Arsenal i USA i 1970.

Nervegassar

Dei farlegaste av desse er nervegassane tabun (GAV), sarin (GB), soman (GD) og VX, som verkar inn på nervesystemet ved at det bind seg til acetylcholinesterase og hemmar dette enzymet. Dette fører til at neurotransmittoren acetylcholin ikkje vert brote ned, og synapsen får ein stadig straum av impulsar. Den ramma får pusteproblem, krampar, brekkingar og andre lammande problem.

Hudstridsmiddel

Kjemiske gassar som reagerer ved hudkontakt og forårsakar byllar eller sår, desse vert kalla hudstridsmiddel. Døme er samband av sennepsgass (HD) og lewisite, som er mindre giftige enn nervegassane. Alle desse kjemiske våpena er væsker ved normal romtemperatur, men vert gassform når dei vert sloppe fri under krigsbruk. Hudskadane vil i starten likna på brannsår, og etterkvart kan det oppstå blemmer.

Kvelegassar

Kvelegassar er døyelege stridsmiddel som berre verkar gjennom åndedrettet. Dei viktigaste sambanda i denne gruppa er fosgen, defosgen og klorpikrin. Dei kan i store konsentrasjonar gje skadar på luftvegar og lunger.

Blodgassar

Blodgassar påverkar blodet, når det vert teke opp i kroppen verkar det på evna til cellene til å ta opp og omsetja oksygen. Dei to viktigaste sambanda er blåsyre og klorcyan.

Andre

Dei to siste gruppene er irriterande gassar som CS-gass og ulike psykokjemiske samband. Det finst òg gassar og kjemiske substansar basert på plantematerial, som pepperspray. Dette er normalt ikkje rekna for kjemiske våpen i internasjonal forstand, men vert regulert under vanleg nasjonal våpenlovgjeving.

Arbeid mot kjemiske våpen

Kjemivåpen-konvensjonen frå 1993 er det eit juridisk bindande, verdsomspennande forbod mot produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen og kjemiske substansar som lett kan verta omgjort til slike våpen. Til trass for denne konvensjonen finst det framleis store lager av kjemiske stridsmiddel.

Før den andre verdskrigen

Kjemisk Våpen 
Britiske soldatar som har vorte blinda av tåregass under den fyrste verdskrigen.

Folkeretten har forbode bruk av kjemiske våpen sidan 1899, under Haagkonvensjonen: Artikkel 23 i som omhandlar krigføring på land skildrar spesifikt at det er forbode å bruka "gift og forgifta våpen". Det vart òg inngått ein eigen avtale som stadfesta at krig mellom dei landa som hadde underteikna, ville halda seg frå å bruka prosjektil som hadde til føremål å spreia kvelande eller skadelege gassar.

Genèveprotokollen av 1925 (må ikkje forvekslast med Genèvekonvensjonane) kom i stor grad som ein reaksjon på giftgassbruken under den fyrste verdskrigen. Den offisielle tittelen var Protocol for the Prohibition of the Use in War of Asphyxiating, Poisonous or other Gases, and of Bacteriological Methods of Warfare, og er eni internasjonal avtale som forbyr bruk av kjemiske- og biologiske våpen. Den vart underteikna i Genève 17. juni 1925, og tredde i kraft 8. februar 1928. 133 nasjonar er ført opp som statlege partar i protokollen. Denne avtalen slår fast at kjemiske- og biologiske våpen er med rette fordømt av den generelle oppfatinga i den siviliserte verda.

Nyare avtalar

Kjemivåpen-konvensjonen er den siste internasjonalen avtalen som er inngått for å betra kontrollen på kjemiske våpen, og unngå bruken av det. Den offisielle tittelen var Convention on the Prohibition of the Development, Production, Stockpiling and Use of Chemical Weapons and on their Destruction. Avtalen forbaud produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen. Den vert administrert av Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen, (OPCW), som er ein uavhengig organisasjon basert i den Nederlandske byen Haag. OPCW skal oversjå at vilkåra i kjemivåpen-konvensjonen vert handheva av dei 188 landa som har skrive under, som representerer 98% av folkesetnaden i verda.

Kjemiske våpen i Skagerrak

Etter den andre verdskrigen vart behovet for å fjerna store mengder med kjemiske våpen som tyskarane hadde lagra i tilfelle ei kjemisk krigføring, mellom anna sennepsgass, sarin, tabun, fosgen og lewisitt. Det vart vedteke at det beste var for dei allierte å senka denne ammunisjonen i havet, og store mengder vart lasta på skip, og senka utanfor Sverige, Danmark og Noreg i 1945-1946. Ein reknar med at mengda av kjemisk stridsmiddel var på 168 000 tonn. I Skagerrak er det dokumentert 36 skip som vart senka, utan at det er kjent om det er kjemiske stridmiddel i alle skipa. Dumpinga vart godkjend av norske styresmakter.

Kjelder

Tags:

Kjemisk Våpen Typar kjemiske våpenKjemisk Våpen Arbeid mot kjemiske våpenKjemisk Våpen Kjemiske våpen i SkagerrakKjemisk Våpen KjelderKjemisk VåpenAndre verdskrigenAtomvåpenBiologisk våpenDen fyrste verdskrigenMasseøydeleggingsvåpen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

GooglePetter EideInca Garcilaso de la VegaKjemiEtanSvastikaDen gamle verdaGrønlandHenrik II av EnglandNasjonaldyrLokeA Touch of ClassElvis PresleyVM i alpine greiner 2019IndonesiaIsbreFredrik SkavlanMicrosoft WindowsFylkesveg 751 (fleirtyding)Bjørnar SkjæranMS-DOSOdd NerdrumVerdas skriftsystemSilkehegreHumleNederlandskAndreas WidhölzlSpaniaTalordMaren LundbyMoldedialektCelina MidelfartNorskKaliumnitratJerry ReedISSNJødedommenIranJonsokBergen kommuneJordbruksrevolusjonenGrenadaSergej SjojguFlåklypa Grand PrixSjakkKopplamSouth LanarkshireEuropaØystein SundeGabonVestleg kampkunstFrankrikeSennesvikNaturbrukKjerringRoger McGuinnMozilla FirefoxBodø kommuneOlivia RodrigoSteve PorcaroNeville ChamberlainHank LocklinTangentAnita O'DayElektrostatisk generatorBjørkefinkDisney Channel SkandinaviaOrbitalKognitivismeHumphrey BogartAlpin tundraA Collection of Great Dance SongsBrennverdiGhanaTutankhamonKinas kommunistpartiManuela Di Centa🡆 More