Kielfreden var ein avtale mellom Sverige og Danmark-Noreg som vart inngått 14.
januar">14. januar 1814. Avtalen gjekk ut på at danskekongen, som ein tapar i Napoleonskrigane, skulle overgje Noreg til kongen av Sverige. Til gjengjeld skulle danskekongen få dei svenske områda i Pommern.
Avtalen tredde likevel aldri i kraft. Preussen tok herredøme over Pommern, medan Noreg erklæra sjølvstendet sitt, vedtok ei grunnlov og valde prins Christian Frederik som konge. Etter ein kort krig med Sverige godtok Noreg ved Konvensjonen i Moss, signert 14. august 1814, å gå inn i ein personalunion med Sverige.
Kielfreden inkluderte ikkje Grønland, Island og Færøyane, som med det vart overførte til dansk suverenitet etter å ha vore under Noreg sidan Noregsveldet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kielfreden, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.