الخرطوم al-Kharṭūm
Horisonten til Khartoum
Styresmakter
Land
Delstat
Sudan
Khartoum
Grunnlagd1821
Geografi
Innbyggjarar
 - By

2 090 001
Koordinatar15°36′″N 32°32′″E 32°32′″E
Høgd over havet382 m
Plassering
Plassering av Khartoum

Khartoum (الخرطوم, al-Kharṭūm som tyder «elefantsnabel») er hovudstad i Sudan.[1] Byen ligg ved møtestaden for Kvite-Nilen (som kjem frå Uganda), og Blå-Nilen (som kjem frå Etiopia), i det som poetisk vert kalla historias lengste kyss, Al mogran. Byen har eit folketal på om lag 2 millionar, og dannar saman med Omdurman eit storbyområde med om lag 4 millionar innbyggjarar. Dette området er delt av elvane i 3 delar: Khartoum, som er den tidlegare britiske delen, Omdurman, den sudanske hovudstaden som var Mahdien og Ansarrørsla sin hovudstad og skanse i striden med britane, og Khartoum North, som i dag er den bydelen som har utvikla seg i dei seinare åra og har vakse fram som nytt bu- og industriområde.

Byen vart grunnlagd i 1821, som ein utpost for den egyptiske hæren nord for oldtisbyen Soba. Medan Egypt var under britisk styre blei garnisonbyen teken av Mahdi-styrkar etter omleiringa av Khartoum i 1884. Han blei teken tilbake av britiske styrkar i 1898 og var administrasjonssenter for det anglo-egyptiske styret av Sudan fram til 1956,[1] då byen blei hovudstad for eit sjølvstendig Sudan.

I byen ligg Khartoum universitet.

Kjelder

  1. 1,0 1,1 «Khartoum | Location, Facts, & History», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 9. juli 2020 

This article uses material from the Wikipedia article Khartoum, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (duhoctrungquoc.vn) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.