Kattegat

Kattegat er ei bukt i Nordsjøen som ligg mellom Jylland i Danmark og den svenske vestkysten.

Havområdet er om lag 28.000 km², og inneheld øyar som Æbelø, Læsø, Samsø og Hesselø.

Kattegat
Kart som syner Kattegat, Skagerrak og landet kring.

Geografi

I nord går Kattegat over i Skagerrak og i sør leiar Øresund, Storebælt og Lillebælt til Austersjøen. Sjælland og Fyn er grenseøyar i aust.

På dansk side dannar Grenen ved Skagen grensa mellom Kattegat og Skagerrak. Derfrå trekker ein grenselinja austover til Marstrand i Sverige. Grensa mellom Kattegat og Øresund vert drege som ei line mellom Gilbjerg Hoved ved Gilleleje på Sjælland (det nordlegaste punktet på Sjælland) og Kullen i Höganäs kommun på nordvestkysten av Skåne i Sverige.

Miljø

I 2004 vart Kattagat, saman med 146 andre område i verdshava, peika ut som ein "daud sone" av FN sitt miljøprogram, UNEP. Mykje tilføring av nitrogen har ført til oksygenmangel for livet i havområdet.

Etymologi

Namnet Kattegat kjem frå det nautiske uttrykket katt, om ein trong passasje, og gat, som tyder hòl. Sidan det finst fleire store grunner i Kattegat, vart bukta rekna som særs vanskeleg å segla i.

Tags:

DanmarkJyllandLæsøNordsjøenSamsøSverigeÆbelø

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

EuropaMoskvaNykøbing MorsTeenage Mutant Ninja TurtlesNederlandOdd NerdrumSåmaskinRaudekrossenOuverture i fransk stilRussisk matEselXbox24. aprilJødedommenDet britiske riksvåpenetAndreas WidhölzlEnrico CarusoVeneziaKevlarSki-VM 2019Britisk pundTuvinskKjell HovdaEngland og WalesBrad PittAndrej KrautsjankaHumphrey BogartDekarDet første krosstogetAfrikaØIslandske nasjonaldrakterGrenadaPaparoa nasjonalparkEiffeltårnetMichael UhrmannAlmTsjasiv Jar1200UnicodeNoreg under sommar-OL 2008KokosmakronMuldyr2024UrfolkNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973ColombiaHundTrekanthandelBook of KellsSamarMøreStorbritanniaCanadaHollywood Walk of FameBokmålTsjekkiaOlga DanilovaTriasKvigeMS-DOSLuciano PavarottiROBEKIsSusanne SundførIltalehtiKirunaHaugtussaNazismeAdolf HitlerMenneskeDen europeiske unionenHolbæk🡆 More