Katmandu (nepali काठमाडौं, newari ये, Yen) er hovudstaden i Nepal og ligg i Katmandu-dalen mellom Himalaya i nord og Mahabharat-fjella i sør på 1 325 meter over havet.
Kathmandu काठमाडौं [kɑːʈʰmɑːɳɖuː] | |
---|---|
Andre namn | येँ, येँ देय् |
Styresmakter | |
Land | Nepal |
Grunnlagd | 723 |
Geografi | |
Flatevidd | 49 450 000 km² |
Innbyggjarar - By (2011) | 1 006 656 |
Koordinatar | 27°42′0″N 85°20′0″E / 27.70000°N 85.33333°E |
Høgd over havet | 1400 m |
Tidssone | Nepaltid (UTC+5.45) |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.kathmandu.gov.np | |
Nettstad: kathmandu.gov.np |
Katmandu vart grunnlagt i 723 og var eit sjølvstendig kongedøme fram til 1769, då herskardynastiet Shah erobra byen og slo han saman med dei to andre bykongedøma i Katmandu-dalen. Desse to byane var Patan, rett sør for Bagmati-elva, og Bhaktapur 12 km søraust for Katmandu. Byen var isolert frå omverda i fleire hundreår, og vart ikkje opna for utanlandsk hjelp og immigrasjon før i 1950-åra.
Dette har skapt eit unikt område med ei rekkje bygningar som står på UNESCO si liste over verneverdige kulturminne. Byen har 450 000 innbyggjarar.
Durbar-kvartalet er sentrum i gamlebyen, eit område av hovudstaden som er fullt av tempel og heilage stader. Dette er trekkplaster nummer éin for alle turistane som kjem til byen.
Byen ligg på ein svært jordskjelvutsett stad, og byen har nærast vore jamna med jorda fleire gonger. Ein reknar med at det vil kome eit nytt skjelv om kort tid som vil få katastrofale følgjer. Bygningsmassen er låg, men han er ikkje bygt for å stå imot jordskjelv. Folk bur tett og vasskvaliteten er allereie elendig.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Katmandu, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.