Katarina Barruk: Svensk samisk artist

Elina Maria Katarina Barruk (fødd 5.

desember 1994) er ein samisk songar, joikar, pianist og låtskrivar frå Sverige som framfører eigne tekster på umesamisk. Ho er ein forkjempar for og aktiv brukar av umesamisk, eit språk som vert sett på som utryddingstrua av UNESCO.

Katarina Barruk
Katarina Barruk: Svensk samisk artist
Fødd5. desember 1994 (29 år)
FødestadStorumans kommun
OpphavSverige
Verka sommusikar
FarHenrik Barruk
PrisarÅrets unge kunstner

Biografi

Barruk vart fødd i Storuman i Storuman kommune i Lappland i Västerbottens län i Sverige. Ho er dotter av språkkonsulenten Henrik Barruk.

Barruk er ein av få unge samar som snakkar umesamisk flytande, og har uttrykt eit sterkt ønske om å føra språktradisjonen vidare. Ho er blant anna med og leier språkbad der menneske i ulike aldrar møtest for å tala og lære seg umesamisk. Ho har òg arbeidd deltid som lærer i samisk i Umeå og Storuman.

I 2012 vart ho utnemnd til årets unge samiske artist på urfolkfestivalen Riddu Riđđu i Kåfjord i Nord-Troms. I 2013 avslutta ho den musikkestetiske linja på Midgårdsskolans gymnasium i Umeå, seinare har ho òg studert på Samernas folkhögskola i Jokkmokk i Norrbottens län.

I 2013 mottok Barruk Umeå sameforeining sitt ungdomsstipendet med denne grunngjevinga:

    Hon får stipendiet för sin talangfullhet i musikskapande som hon på ett briljant sätt kombinerar med sitt djupa engagemang för det umesamiska språket. Genom eget komponerande av musik med jojkelement och texter på umesamiska har hon funnit ett eget musikaliskt uttryck som kommer att utvecklas än mer.

I 2014 var Barruk med i prosjektet Russuoh vuölieb – Väck upp jojken! saman med fleire andre unge joikarar, der ho deltok i arbeidet med nytolkingar av eldre joikar. Resultatet vart framført under ein konsert i Umeå laurdag den 30. august 2014 i samband med at Umeå var europeisk kulturhovudstad.

I 2015 lanserte ho debutalbumet sitt Báruos med tekster på umesamisk, eit album som har fått god kritikk.

Under oppstarten av Dei sameinte nasjonane sitt internasjonale år for urfolkspråk (2019) framførte ho musikk på umesamisk. Seinare same året mottok ho òg kulturprisen «Guldäpplet» i Folkets hus i Umeå.

Diskografi

  • Báruos, 2. september 2015, produsert av Frode Fjellheim, debutalbum.
  • Russuoh vuölieb, 15. september 2015, medvirkende. Liveinnspilling fra konsert 30. august i Umeå [Låt nr 2, «Máttaráhkku»; låt nr 27, «Kustlandet» og låt nr 50, «Stuorra Várrie»; låt nr 27 ble fremført av Katarina Barruk. Låtene nr 2 og 50 ble fremført av Marja Helena Fjellheim Mortensson & Katarina Barruk].
  • Ruhttuo, 28. oktober 2022.

Referansar

Tags:

19945. desemberJoikSverigeUNESCOUmesamisk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Watergate-skandalenRogaland fylkeTrygve GulbranssenWe Don't Wanna Put InBorneoSjarlatanNM i alpine greiner 1951Offentleg eigedomMeena KumariNM i alpine greiner 1959ThailandKrakenJohn Maynard SmithSkotårElsa BeskowSigbjørn ObstfelderNapoléon BonaparteDet kyrilliske alfabetetVestfold fylkeMS «Gullving»Commodore 16Norske dialektarThe Righteous BrothersBeinJantelovenHarry Potter og FøniksordenenGiroLofotenZinédine ZidaneHarald V av NoregDet britiske kongehusetMidsommarYoungs modulKonrad AdenauerTrettiårskrigenKaija MustonenHarald EiaDet polsk-litauiske samveldetNorsk folkedansLee PerryVestland fylkeGunnhild SundliFilmserien Harry PotterBenito MussoliniMagne FuruholmenInnsjøar i Sverige4. januarCountryOksholaOslolosenHenry LawsonPaleocen-eocen-termalmaksimumetByar i HellasJosef StalinDumboSauDen arabiske verdaMosesKryptonittAjjávaḷiHandball-EM 2010 for mennSamleieOrGunnar UrtegaardSkottlandFinn-Erik VinjeSanfolkKretaNetflixVibeke SkofterudKolåstindenGro Harlem BrundtlandKristian ØdegårdCotangensOdin🡆 More