Karmiel

Karmiel (hebraisk כַּרְמִיאֵל) er ein by i nordlege Israel.

Han vart grunnlagd i 1964 som ein utviklingsby og ligg i Beit HaKerem-dalen, som deler det øvre og nedre Galilea. Byen ligg sør for Akko-Safed-vegen, 32 km frå Safed, 20 km frå Ma'alot-Tarshiha og 20 km frå Akko. I 2012 hadde Karmiel 44 868 innbyggjarar.

Karmiel
כַּרְמִיאֵל, Karmi'el
by
Karmiel
Karmiel
Våpenskjold
Namneopphav: Guds vindruer
Land Karmiel Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°54′49.38″N 35°17′45.92″E / 32.9137167°N 35.2960889°E / 32.9137167; 35.2960889
Areal 19,188 km²
Folketal 44 868  (2012)
Folketettleik 2 338 / km²
Grunnlagd 1964
 - Bystatus 1986
Borgarmeister Adi Eldar

Karmiel
32°54′00″N 35°17′00″E / 32.9°N 35.283333333333°E / 32.9; 35.283333333333
Karmiel
Karmiel
Wiki Commons: Karmiel

Historie

Karmiel 
Galil-kvarteret.
Karmiel 
Karmiel

I 1956 vart kring 5,1 kvadratkilometer land kjøpt i dei israelsk-arabiske landsbyane Deir al-Asad, Bi'ina og Nahf, som fekk status som «stengde område» av israelske styresmakter. Dette området, nær hovudvegen mellom Akko og Safed, hadde vore eit viktig marmorbrot. I 1961 ekspropriert israelske styresmakter landområde for å byggje Karmiel. Innbyggjarane fekk tilbod om «tilsvarande god jord» i området ,men då Moshe Sneh (Maki) og Yusef Khamis (Mapam) førte saka for Knesset på vegner av landsbybuarane, stadfesta Knesset at slik jord ikkje fanst. I følgje Haredi-avisa She'arim, vart kring 10 kvadratkilometer (394 teigar) konfiskert etter ein rettsordre den 4. mars 1963, etter krav frå Israelsk utviklingstilsyn.[treng kjelde] Landområdet vart steinete, folketomt og kunne ikkje nyttast til jordbruk. I 1964, då lokale arabarar søkte om løyve til å flytte inn i byen, svarte bustadministeren Yosef Almogi at «Karmiel vart ikkje bygd for å løyse problema til folket i det kringliggande området.» I februar 1965 marsjerte 400 demonstrantar frå Tel Aviv for å protestere mot «diskriminering av ei gruppe av våre borgarar». REpresentantar møtte opp ved den lokale politistasjonen og informerte politiet om at dei heldt seg i området utan løyve. Leiarane for gruppa vart arresterte og stilt for ein militær domstol.

Karmiel var ein av dei første byane i Israel som vart grunnlagd etter ein større byplan. Han vart bygd som ein del av Sentral-Galilea utvilingsprosjekt. Arbeidet byrja i 1963 og den offisielle opningssermonien fann stad i 1964. Dei første 16 familiane flytta inn på den tida. Eit anbod for bygging av hovudvegane i Karmiel kom i 1963, og Mekorot bygd eit vassrøyrnettverk som knytte saman Karmiel, Rameh, Sha'ab og andre nærliggande landsbyar.

I 1981 fekk Karmiel Beautiful Israel-prisen og Kaplan-prisen. Karmiel fekk bystatus den 20. november 1986. Den første borgarmeisteren var Baruch Venger, etterfølgd av Adi Eldar, som har hatt stillinga fram til i dag. Kring 18 000 nye emigrantar har slått seg ned i Karmiel mellom 1990 og 2002.

Under den andre Libanonkrigen i 2006, avfyrte Hizbollah 180 Katyusha-rakettar mot Karmiel og nabolandsbyane, noko som førte til tap av menneskeliv og øydelagde bygningar, vegar og køyretøy.

Venskapsbyar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Karmiel HistorieKarmiel VenskapsbyarKarmiel KjelderKarmiel BakgrunnsstoffKarmielAkkoBeit HaKerem-dalenDet nordlege distriktet i IsraelGalileaHebraiskMa'alot-TarshihaSafed

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

AfrikaVerdas landPalingeneseSang til BergenAlbert GleizesChampions LeagueKevlarFresnelsoneJantelovenTutankhamonMichael UhrmannKommunismeBodø kommuneRolf KjødeHarald EiaKolonialhandelVM i alpine greiner 2019NonLinn UllmannOrganistErlend Blaalid OldeideDen amerikanske sjølvstenderesolusjonenBuddhisttempelThe DoorsFranz LisztDisney Channel SkandinaviaKvitveisSymbol i hinduismenVan der VeenstraumenJerry DouglasOrbitalFreddie MercuryMatematikarBrennverdiDet norske flaggetDet tredje riketMediaWikiNordsamiskErnst VettoriHotel Union ØyePeter Wessel TordenskjoldEselMarikkenFA-cupfinalen i fotball 2001Tromsø kommuneVegard UlvangJernIggy PopSjantiHellasInformasjonsteknologiOlga DanilovaNoregBærum SportsklubbSola kommuneElassónaSilkehegreJean-Claude JunckerKarikaturHilde LyrånJerry Leiber og Mike StollerSnow White and the Seven DwarfsFylkesveg 751Adolf HitlerJean CocteauTor Erling StaffBlytheArne TreholtHenrik II av EnglandMarco PoloBente KahanCiceroBon Iver, Bon IverHindutempelCanon EOS 250D🡆 More