Karl Geiger

Karl Geiger (fødd 11.

februar 1993) er ein tysk skihoppar frå Oberstdorf. Han vart i desember 2020 verdsmeister i skiflyging i Planica. Under Ski-VM 2019 vann han gull i så vel lagtevlinga og i mix-tevlinga, ein prestasjon han gjentok i Ski-VM 2021.

Karl Geiger

Karl Geiger

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 11. februar 1993 (31 år)
Oberstdorf
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 2018

Aktiv

Geiger deltok på Tysklands lag som sikra seg sølvmedaljen i lagtevlinga ved Vinter-OL 2018 i Pyeongchang. Sesongen etter syrgde han for suveren tysk siger i lagtevlinga under verdsmeisterskapen i Seefeld in Tirol, saman med Richard Freitag, Stefan Leyhe og Markus Eisenbichler. I lag med sistnemnde og kvinnene Katharina Althaus og Juliane Seyfarth tok han ein ny VM-tittel seks dagar seinare. På nyåret 2020 enda Geiger på tredjeplass i tysk-austerriksk hoppveke, året etter vart han andremann i hoppveka. I desember 2020 i Planica lukkast han verte verdsmeister i skiflyging. Med 877,2 poeng slo han andremann, Halvor Granerud, med fattige 0,5 poeng. Under Ski-VM 2021 på heimstaden Oberstdorf vart Geiger nummer to i normalbakken og tre i storbakken. Samstundes forsvarte han VM-titlane i lagtevling og for mix-lag. Nemnde Eisenbichler var med på begge desse triumfane, og som sist var Althaus med på mix-laget. Pius Paschke og Severin Freund var nye i lagtevlinga for menn, Anna Rupprecht var ny på mix-laget. Under Vinter-OL 2022 vann Geiger bronsemedaljen i storbakken, han fekk også bronse i lagtevlinga.

Kjelder

Tags:

11. februar1993OberstdorfPlanicaSki-VM 2019Ski-VM 2021

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Arne DokkenTonari no TotoroNoregStjernebiletet OrionBiologisk systematikkSlaget om StalingradAngstEli Kari GjengedalOddEuropeisk ålSekulærAfrikaTokyoOboDanskApollonFleetwood MacWayback MachineFrans av AssisiSvastikaKormístaJoseph HaydnSlaveKvartalOslo kommuneMellomalderenStaudeMelodi Grand Prix 2024Joachim av DanmarkEngelskMarius UrzicăSwire SeabedNato-alfabetetIndre AgderAudun LysbakkenDet tyske herrelandslaget i fotballBorkMyrullPeriferieininga SérresTrekanthandelNasjonalrettBuddhistiske høgtiderEddadiktSelmer NilsenHalloVatnStaffan stalledrängSirkelJHVHPetter WavoldBlåVerdsdelNew York byTyskJernsulfatJesusAtlantic Standard TimeCarles PuigdemontSunnmøreOddvar TorsheimGina GogeanSædgåsHardangerfjordenHarald EiaJonas Gahr StøreDen siste istidaKjerringFilmserien Harry PotterTjeldInkarikets fallÅrstidH.C. AndersenNibiruSunndalsøra🡆 More