Kari Amble (fødd 19.
juli 1961) er ein norsk journalist som er kjend frå nyhendeprogram på NRK.
Kari Amble | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. juli 1961 (62 år) |
Yrke | journalist |
Etter Fana gymnas studerte ho samfunnsfag og journalistikk ved Universitetet i Oslo og vart med i kvinneradioen Radio Orakel som hadde starta på Blitzhuset i 1982. Etter audition fekk ho byrja hos NRK i 1985, og vart ein av fire som Einar Førde tok inn for å utvikla distriktsfjernsyn. Frå 1988 jobba ho for NRK Hordaland i Bergen og var i 1991 programsekretær då ho vart programleiar for den nye Vestlandrevyen saman med Arild Sondre Sekse og Dag Lindebjerg, og seinare Steinar Birkeland, Elin Helgheim og Øyvind Egaas. Dette var NRK sine første nyhende på fjernsyn frå distrikta (seinare kom det ti distriktssendingar til), men tok fri på somrane, og då kunne Amble utleiast til Dagsrevyen. Ho leidde Bergen journalistlag frå rundt 1993 og var med i sentralstyret for Norsk Journalistlag.
Hausten 1996 vart ho programleiar og vaktsjef for Norge i dag, som NRK Hordaland hadde ansvaret for. Ein sette saman aktuelle filmklipp frå dei ulike distriktskontora og viste til sjåarane. Frå 2000 jobba ho for NRKs Nyhendeblikk i Oslo. 2002–2003 var ho tilbake i Bergen, knytt til Raftostiftelsen i Bergen. Frå 2004 til 2008 var ho tilsett i Bergens Næringsråd etter Trude Drevland som vart byråd for helsetenester, og seinare ordførar i Bergen. Frå 2008 har Kari Amble vore informasjons- og undervisingsleiar for Raftostiftelsen. Ved skøytetinget på Gol i juni 2015 vart ho innvald som styremedlem i Noregs Skøyteforbund som representant for Bergen Kunstløpsklubb, og under skøytetinget i Bergen 11. juni 2017 vart ho gjenvald til same styreplass i skøyteforbundet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kari Amble, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.