Kaptein Sabeltann: Grusomme Gabriels forbannelse er eit action-eventyrspel utvikla av ArtPlant til Microsoft Windows.
Det er ein oppfølgjar til PC-spelet Kaptein Sabeltann frå 2004 og vart utgjeve i Noreg den 23. november 2007.
Kaptein Sabeltann Grusomme Gabriels forbannelse | |||
Utviklar(ar) | ArtPlant | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Norsk spilldistribusjon | ||
Plattform(er) | Microsoft Windows | ||
Utgjeving | NO: 23. november 2007 | ||
Sjanger | Action-eventyr | ||
←Dataspelet Kaptein Sabeltann · |
Spelet byggjer vidare på spelemekanikkene frå forgjengaren og introduserer nye figurar frå Sabeltann-universet, som heksa Miriam, Greven av Gral og Maga Kahn. Spelaren styrer den unge sjørøvaren Pinky med piltastane og bruker mellomromstasten for å samhandle med omgjevnadene i spelet. Målsettinga er å oppheve ein forbannelse forårsaka av sjøspøkelset Grusomme Gabriel.
Kaptein Sabeltann: Grusomme Gabriels forbannelse vart nominert til «Årets norskspråklege spel» og «Årets barnespel» under prisutdelinga Gullstikka 2008. Det tok prisen for «Beste nordiske barnespel» under Nordic Game Awards i 2008.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kaptein Sabeltann: Grusomme Gabriels forbannelse, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.