Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English

Kantarell

Kantarell: Soppart

Kantarell
Kantarell
Kantarell
Systematikk
Rike:Soppriket Fungi
Rekkje:Stilksporesoppar Basidiomycota
Underrekkje:Hymeniesoppar Agaricomycotina
Klasse:Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes
Orden:Kantarellordenen Cantharellales
Familie:Kantarellfamilien Cantharellaceae
Slekt:Kantarellar Cantharellus
Art:Kantarell C. cibarius
Vitskapleg namn
Cantharellus cibarius

Kantarell (Cantharellus cibarius) er ein sopp. Fargen er gul. Undersida og stilken har same farge som hatten. Soppen veks i grupper i skog, gjerne ved stiar. Kantarell dannar mykorrhiza (sopprot) med mange ulike tre.

Kantarell er ein god og sikker matsopp. Han er vanleg i heile landet, og er å finna frå tidleg sommar til sein haust.

Falsk kantarell er ein skivesopp som kan minna om kantarellen. Falsk kantarell er ikkje giftig.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kantarell

Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
This article uses material from the Wikipedia article Kantarell, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors).