Kanelbolle, skillingsbolle eller «kanel i svingane» er namn på eit bollestort bakverk forma som ein spiral.
Bolla har fått namna sine fordi ho inneheld mykje kanel mellom deiglaga, og fordi ho tidlegare kosta éin skilling.
Bolla er særleg kjend i Noreg og Sverige, men finst òg i USA som cinnamon bun.
For å laga ei kanelbolle treng ein hovudsakleg kveitemjøl, mjølk, gjær, sukker og sjølvsagt kanel. Ein kan òg ha kardemomme i deigen, medan bolla kan pyntast med melisglasur eller perlesukker.
4. oktober er utnemnd til «Kanelbullens dag» i Sverige. På svensk kallar ein òg ofte alfakrøllteiknet for 'kanelbulle'.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kanelbolle, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.