36°49′N 4°18′E / 36.817°N 4.300°E / 36.817; 4.300
Kabylia (kabylsk: Tamurt Iqbayliyen, Tamurt n Leqbayel eller Tamurt idurar) er ein historisk og etnisk region i Nord-Algerie som ligg mellom Alger i vest og Skikda i aust.
Han er ein del av Tell-Atlas og ligg i den vestre enden av Middelhavet. Kabylia dekkjer fleire provinsar i Algerie: heile Tizi Ouzou og Bejaia (Bgayet), mesteparten av Bouira (Tubirett) og delar av wilayaene Bordj Bou Arreridj, Jijel, Boumerdes og Setif. Gouraya nasjonalpark og Djurdjura nasjonalpark ligg også i Kabylia. Regionen er inndelt i Stor-Kabylia og Vesle-Kabylia.
Som den moderne arvtakaren til den historiske berbarkulturen, vert Kabylie rekna som ei vogge til den vestlege sivilisasjonen.
Det er viktig å ikkje blande saman «Kabylia» og den kabylske folkesetnaden andre stader i verda: rundt 25% av kabylane bur i hovudstadsregionen Alger. Denne artikkelen omfattar altså berre den historiske regionen «Kabylia».
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kabylia, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.