Kabinpersonale er ei nemning som omfattar tre yrkesgrupper som tek seg av passasjerane sin tryggleik og trivsel om bord i passasjerfly: stuertar (steward/stewardess), flyvertar/flyvertinner og purserar.
Elles arbeider dei med servering, varesal, kontroll av tryggleiksutstyr, varebehaldninga på flyet osb. Purser er ei opprykksstilling som det vert rekruttert til frå dei to andre gruppene.
Dei større flyselskapa tilbyr utdanning for kabinpersonale ved eigne kurs. For å verte oppteken krevst det ei god allmennutdanning, gode språkkunnskapar og erfaring eller utdanning frå andre serviceyrke.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kabinpersonale, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.