Kabardinsk, tidvis også kalla austtsjerkessiskk og austcircassisk, er eit nordvestkaukasisk språk som hovudsakleg blir tala i regionen Kabardino-Balkaria.
Her bru rundt 520 000 av dei totalt 1 632 500 talarane. Dei fleste talarane utanfor Kabardinia-Balkaria bur i Tyrkia.
Kabardinsk Къэбэрдеибзэ, Qabardjajəbza | ||
Klassifisering | Kaukasisk Nordkaukasisk Nordvestkaukasisk Tsjerkessisk | |
Bruk | ||
Tala i | Adygia | |
Kabardinsktalande i alt | 1 632 500 | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | kbd | |
ISO 639-3 | kbd |
Det finst fleire ulike variantar av språket, der dei to største er kabardinsk og beslenejsk. Det har berre to fonetiske vokalar, men kring 46 konsonantar, der kring 23 er frikativar.
Kabardinsk er nært i slekt med adygisk, som også blir kalla vesttsjerkessisk. Sjølv om dei skil seg leksikalt, morfologisk og syntaktisk, er dei gjensidig forståelege.
Ein har skrive språket har med fleire ulike skriftsystem. I 1825 blei det utvikla ein variant av det arabiske alfabetet, og i 1829 kom eit skriftsystem basert på det kyrilliske alfabetet. På 1800-talet kom også dei første bøkene ut på kabardinsk. Etter den russiske revolusjonen blei det brukt både eit arabisk og eit kyrilliskbasert alfabet. I 1923 blei det også innført ei skrift som bygde på det latinske alfabetet, men dette blei erstatta av kyrilliske bokstavar i 1936. Dei adygiske og kabardinske skriftsystema er svært ulike, noko som har minka den gjensidige forståinga.
Wikipedia på kabardinsk
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kabardinsk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.