Jupitermånen Callisto

Callisto er den tredje største månen til Jupiter.

Han vart oppdaga av Galileo Galilei 7. januar 1610, og truleg nesten samstundes av Simon Marius, som føreslo namnet.

Callisto
Jupitermånen Callisto
Callisto fotografert av Galileo-sonden i mai 2001
Oppdaging
Oppdaga avSimon Marius
Galileo Galilei
Oppdagingsdato1610
Baneskildring
Eksentrisitet0,007
16 dagar 16 timar 32,2 minutt
Banehelling0,281°
Satellitt avJupiter
Fysiske eigenskapar
Snittradius
1,883·106 km
Snittdiameter
4820,6 km
7,2 ·107 km²
Masse1,076·1023 kg
Overflategravitasjon
1,24 m/s² (0,1265 g)
synkron
0
Albedo0,20
Atmosfære
spor
Samansetjing etter volumKarbondioksid (100%)

Callisto har særs mange krater. Det mest synlege detaljen på månen er Valhalla, som er eit enormt system av minst 15 konsentriske ringar med eit lyst sentrum. Månen vart fotografert i detalj av romsondane Voyager og Galileo.

Jupitermånen Callisto
Dette fotografiet av yta på Callisto, teke i september 1997 av romsonden Galileo, syner overgangen frå det ruglete indre av krateret Åsgard (øvre del av biletet) til dei jamnare slettene utanfor, fulle av mindre krater (nedre 2/3 av biletet).

Med ein diameter på 4821 km har Callisto ein diameter som er omkring 99 % av diameteren til planeten Merkur, men berre kring ein tredjedel av massen. Han er den fjerde galileiske månen ut frå Jupiter, med ein baneradius på kring 1 880 000 km. Han er ikkje ein del av baneresonnansen som påverkar dei tre indre galileiske månane, Io, Europa og Ganymedes, og har derfor ikkje den same tidvassoppvarminga. Rotasjonen til Callisto er bunden til banen kring Jupiter, slik at den same halvkula alltid vender innover. Jupiter verkar å stå stille på himmelen til Callisto. Månen er mindre påverka av magnetosfæren til Jupiter enn dei andre, indre månane, fordi han ligg lengre ute, like utafor hovudstrålingsbeltet til Jupiter.

Callisto består av nesten like delar stein og is, og den gjennomsnittlege tettleiken er kring 1.83 g/cm3, den lågaste tettleiken og overflategravitasjonen til dei store månane til Jupiter. Av stoffa som er avdekt spektroskopisk på overflata finn ein mellom anna vassis, karbondioksid, silikat og organiske stoff. Undersøkingar gjort av Galileo avdekte at Callisto har ein liten kjerne av silikat og kanskje eit underjordisk hav av flytande vatn på ei djupne større enn 100 km.

Overflata til Callisto er den eldste og mest kraterdekte i solsystemet. Han syner ingen teikn til underjordiske prosessar som platetektonikk eller vulkanisme, og heller ingen teikn til at månen nokon gong har hatt slik aktivitet. Ein trur derfor at månen hovudsakleg har utvikla seg under påverknad av nedslag. På overflata kan ein sjå strukturar med fleire ringar, forskjellige nedslagskrater, og rekkjer av krater (catenae) og tilhøyrande skrentar, ryggar og avsetjingar. På liten skala er overflata variert og består av små, frostavleiringar på tuppen av høgareliggande område, omgjeve av lågareliggande, jamne teppe av mørkt materiale. Ein trur dette kjem av sublimasjonsdriven forvitring av små landformer. Den absolutte alderen til desse landformene er ikkje kjend.

Callisto er omgjeve av ein særs tynn atmosfære som består av karbondioksid og truleg molekylært oksygen, i tillegg til ein heller intens ionosfære. Ein trur at Callisto har blitt danna av langsam akkresjon frå skiva av gass og støv som flaut kring Jupiter etter planeten var danna. Den gradvis akkresjonen og mangelen på tidvassoppvarming, gjorde at det ikkje var nok varme for ein rask differensiering. Den langsame konveksjonen i det indre av Callisto, som kom i gang kort tid etter danninga, førte til delvis differensiering og kanskje danninga av eit underjordisk hav ved ei djupne på 100–150 km og ein liten, steinete kjerne.

Eit hav på Callisto gjev mogelegheita for at det kan innehalde liv. Men tilhøva er langt mindre gunstige enn på den nærliggande månen Europa.Forskjellige romsondar, frå Pioneer 10 og 11 til Galileo og Cassini har studert Callisto. På grunn av dei låge strålingsnivå, har Callisto lenge vore rekna som den mest høvande staden for ein framtidig menneskeleg base for utforsking av Jupitersystemet.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Jupitermånen Callisto  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Jupitermånen Callisto

Tags:

Galileo GalileiPlaneten JupiterSimon Marius

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SamleieWillie NelsonÉdith PiafFumaroleWikimediaNamnedagBarysentrumJon FosseROBEKLeksikon27. marsDag HammarskjöldAtropinAktiv galaksekjerneQawahAleksandr TkatsjovMaskorama (sesong 4)Danica Patrick1. juliSteingardar i NoregHesjeHjortetakksalt24. marsLemmingDet greske alfabetetSomaliregionenDen afghansk-sovjetiske krigen1976FrankrikeWikipediaAndre verdskrigMusculus deltoideusArne Alsåker SpildeEdward SnowdenSaltKnapstadNotoddenKolahalvøyaMexicoTidslinje over norsk historieBosnia-HercegovinaAad GjelleTrondheimHarald EiaMottoRusslandRussell CroweKattEM i fotball 2008PåskekyllingJoakim Harestad HaukaasErik AndersenThe KidsErna Solberg1742DanderydMusvåkMinar-e-PakistanO helga nattLeonard RickhardPurreA Whiter Shade of PaleAarne-Thompson-systemetKasakhstanOle Gunnar SolskjærFri programvareDr. JohnTadsjikistanFilmjølkNasjonaldrikkMHaitiMartine LundeNedbørLill LindforsAppelsin🡆 More