Julio Cortázar (26.
august 1914–12. februar 1984) var ein argentinsk forfattar og omsetjar.
Julio Cortázar | |
Statsborgarskap | Argentina, Frankrike |
Fødd | 26. august 1914 Brussel |
Død | 12. februar 1984 (69 år) |
Yrke | lingvist, manusforfattar, romanforfattar, essayist, omsetjar, lyrikar, skribent, universitetslærar, skodespelforfattar, litteraturkritikar |
Språk | fransk, Peruvian Coast Spanish, engelsk, spansk |
Religion | ateisme |
Ektefelle | Ugné Karvelis, Aurora Bernárdez, Carol Dunlop |
Julio Cortázar på Commons |
Cortázar var fødd i Brüssel men flytta snart med familien til Sveits der dei heldt til i eit par år. Han voks seinare opp i Buenos Aires. Kort tid etter at foreldra vende tilbake til Argentina skilde dei lag, og Cortázar voks opp hjå mora. Han var mykje sjuk og brukte mykje tid til sengs med å lesa. Han blei mellom anna kjend med verket til Jules Verne, som han beundra gjennom heile livet.
Som vaksen arbeidde han som lærer i fransk fram til Juan Perón kom til makta, då han sa opp i protest mot styret hans. I 1951 flytta Cortázar til Paris, der han fekk jobb ved UNESCO som omsetjar, og omsette verk av mellom anna Daniel Defoe, Edgar Allan Poe og Marguerite Yourcenar til spansk.
Dei best kjende verka til Cortázar blei skrivne i Frankrike. Den best kjende romanen hans er Rayuela (1963), som blir kalla ein antiroman, ettersom intrigen i forteljinga ligg utanfor fortelleren. Boka er knytt til dekonstruksjon.
Cortázar sine verk blei mellom anna påverka av modernismen og medvitsstraumen til mellom anna James Joyce og verka til landsmannen Jorge Luis Borges, men hovudpåverknadane hans kom frå surrealismen, «Den nye romanen» i Frankrike og improvisasjonsestetikken i jazz.
Julio Cortázar var gift tre gonger, med Aurora Bernárdez, Ugnė Karvelis og Carol Dunlop, alle forfattarar. Han døydde i Paris i 1984 og blei gravlagd i Cimetière du Montparnasse ved sida av Carol Dunlop.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Julio Cortázar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.