Julekrybbe

Julekrybbe er ei nemning på ei kunstnarleg framstilling av hendingane då Jesus vart fødd i Betlehem.

Ei julekrybbe vert gjerne utgjort av figurar utskorne i tre, til minne om hendingane skildra i Juleevangeliet. Julekrybber vert nytta i samband med feiringa av jul i fleire land der kristendomen er vanleg religion.

Julekrybbe
Julekrybbe med figurar frå Juleevangeliet.

Julekrybba syner vanlegvis Jesus liggjande i ei krybbe i ein stall (eller i ei hòle innretta for dyr). Josef og Maria er sentrale figurar. Over det heile kan Betlehemsstjerna lysa. Heilage tre kongar kan verta synt medan dei kjem med gåver.

Historie

Den heilage Frans av Assisi blir ofte omtalt som den første til å laga ei julekrybbe i Greccio i 1223. Han skal ha laga til ei krybbe med høy, og ei levande okse og eit esel. Krybba med to dyr var utgangspunktet for seinare julekrybber med figurar i staden for levande dyr.

Julekrybber eller presepio blei utbreidde i Italia på 1500-talet, og utvikla seg til rike tablå av figurar og bygningar tilknytt den bibelske forteljinga og sitt eige nærmiljø. Julekrybbene blei opphavleg sette opp i kyrkjer nær altaret, men blei seinare attraksjonar i husa til framståande adelsfolk.

Regionale tradisjonar

Julekrybbe 
Scene frå Krýzovy jesličky.

Det finst i dag ei rekkje ulike variasjonar over krybbene, som Weihnachtsberg (julefjell) frå Tyskland og Tsjekkia, papirový betlém eller 'papirkrybber' frå Tsjekkia, szopka frå særleg Kraków i Polen, og caganer-tradisjonen frå Catalonia.

I Jindřichův Hradec-området i dagens Jihočeský kraj (Sør-Bøhmen) i Tsjekkia er det tradisjon for å laga særs omfattande julekrybber. Ei julekrybbe laga av Tomáš Krýza over seksti år, Krýzovy jesličky, er teken med i Guinness rekordbok som verdas største mekaniske konstruksjon. Krybba omfattar 1389 figurar der 133 av dei rører på seg. Ho er stilt ut ved Muzeum Jindřichohradecka saman med andre store julekrybber frå området.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Julekrybbe  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Julekrybbe
Julekrybbe  Denne kristendomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Julekrybbe HistorieJulekrybbe Regionale tradisjonarJulekrybbe KjelderJulekrybbe BakgrunnsstoffJulekrybbeBetlehemJesusJulJuleevangelietKristendomenTre

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SnaptunsteinenNoreg under sommar-OL 2008Franz LisztGotlandCotopaxiNorske dialektarPakistanKrøllalfaJa, vi elsker dette landetListe over primtalØresundbruaDanmarkLangnebbparakittKónitsaSvartehavetMaiken Caspersen FallaFilmserien Harry PotterVinterKjemiStore norske leksikonVoss heradMiljøproblemSola kommune27-årsklubbenLuganoNorrøntRussisk kulturTiticacaGitarforsterkarPippi LangstrømpeErnst VettoriHenry David ThoreauWikipediaVM i alpine greiner 2019Professor emeritusMuldyrBuskerud fylkeSvastikaBergen kommuneOs kommune i Hordaland22. aprilAdei AdKapitalismeBjørkefinkInformasjonskapselCanadaGranMount Salisbury i AntarktisVeneziaStorfeTrekanthandelJesusStrilamålJacob Tullin ThamsMesopotamiaVestleg kampkunstMarie CurieMarius ThingvaldProduksjonDisney Channel SkandinaviaCountryMrs. RobinsonPeriferieininga Ioánnina157EnaresjøenAlpin tundraEli RyggSkypeLittle WalterDrivhusgassRussisk litteraturÐBeltaneVerktøyet filMeråker🡆 More