Josefine Frida Pettersen, kjend som Josefine Frida, (fødd 18.
mai 1996) er ein norsk skodespelar frå Sigdal i Viken. Ho er kjend for rollen som Noora i tv-serien Skam på NRK.
Josefine Frida | |||
Fødd | 18. mai 1996 (27 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Sigdal | ||
Fødenamn | Josefine Frida Pettersen | ||
Alias | Josefine Frida | ||
Aktive år | 2014– | ||
Verka som | skodespelar |
Pettersen gjorde TV-debut som dottera til velformannen i TVNorge-serien Neste sommer, men ho har sidan vorte kjend som Noora Amalie Sætre i dramaserien Skam. Pettersen var nominert i Gullruten 2016 i kategorien Publikumsprisen for si rolle i Skam.
Våren 2017 spelte Pettersen rolla som Samantha Fox i musikalen Robin Hood – Rai Rai i Sherwoodskogen ved Trøndelag Teater, og hadde ei rolle i parodispelet Slaget på Testiklestad.
I 2019 debuterte Pettersen på filmlerretet med hovudrolle i spelefilmen Disco.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Josefine Frida, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.