Den Heilage Josef

Josef frå Nasaret er ein skikkelse frå Det nye testamentet som var gift med jomfru Maria og tok på seg farsrolla for Jesus.

Han er rekna som ein helgen i ortodoks, katolsk og anglikansk kristendom.

Den heilage Josef
Den Heilage Josef
Fødd30 f.Kr.
FødestadNasaret
Daud20
DødsstadNasaret
Yrkekroppsarbeidar, handverkar, tømrar, tektōn
Helgendag19. mars, Q123467193
Den Heilage Josef
Giftarmålet til Josef og Maria. Måleri av Michelino da Besozzo frå om lag 1430.
Den Heilage Josef
Josef som ein ung og kjærleg far med jesusbarnet. Måleri frå Cusco i Peru frå 1700-talet.

Josef er blant anna omtalt i første kapittel av Matteusevangeliet og andre kapittel av Lukasevangeliet, men Bibelen har få opplysingar om han. I følgje evangelia var Josef av slekta til kong David og trulova med Maria då ho fekk bodskapen om at ho skulle føda Guds son. Etter noko grubling tok Josef på seg oppgåva som den jordiske faren til Jesus. Josef er ute av bibelsoga då Jesus er blitt vaksen og har teke til å forkynna, og Maria er framstilt som enkje.

Den Heilage Josef
Josef som snikkar medan Maria får bodskapen. Nederlandsk måleri frå 1425-1430

I det opphavlege greske nytestamentet er Josef skildra som tektōn (τεκτων), eit ord som vanlegvis er omsett som tømrar men som kan visa til ein kvar handverkar som arbeider med tre eller også stein eller jern. I kyrkjene der han er rekna som helgen vernar Josef om arbeidarar. I 1870 blei han også erklært som helgen for heile den katolske kyrkja, i lag med Sankt Peter, av pave Pius IX. Josef har fleire minnedagar, mellom anna 19. mars og 1. mai.

I mellomalderen og fram til om lag 1600-talet blei Josef ofte framstilt som ein gammal mann i kunst og litteratur. Dette stemte med tanken om at Josef og Maria levde i sølibat, samstundes som evangelia nemner Jesus sine søsken. Seinare har interessa for Josef vokse, og framstillingane har endra seg. Han er blitt yngre, meir aktiv i arbeid og ein viktigare del av den heilage familien.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Den Heilage Josef  Commons har multimedium som gjeld: Den heilage Josef


Tags:

Det nye testamentetFarHelgenJesusJomfru MariaKristendomNasaret

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Sandy DennyJordas dagPave Johannes Paul IFylkesveg 751 (fleirtyding)Nikita KhrusjtsjovWikibooksRekreasjonSør-AfrikaFranskBloggRingdrottenMS-DOSLonnie MackBrad PittFrankararPippi LangstrømpeHepatitt C-virusMøre og Romsdal fylkeGarri KasparovSilkehegreÆrfuglCharcot CoveLavaKarl XII av SverigeHenry LawsonSilje NordnesAtommodellTidvatnVM i skiskyting 1999Teenage Mutant Ninja TurtlesTrond Fausa AurvågMikal KirkholtEddie MurphyHolbækJernLitle LangøyaTsjekkoslovakiaSamleieMaliBergen kommuneJean-Claude JunckerEyvind JohnsonØystein SundeSvenske folkeeventyrVätternBrexitEuropaEtnos og demosSjantiAristotelesWikimediaSkandinaviaTutankhamonKlimaVaremerkeØrsta kommuneJerry Leiber og Mike StollerAlderspensjonMesonGranBelgiaSnikkarRadioantenneTorgeir Knag FylkesnesEinatHalloKokosmakronStand by MeBo WiderbergDet ukrainske alfabetetNeville ChamberlainInternettParasittologiKoppar🡆 More