Jorden rundt på 80 dager (Le tour du monde en quatre-vingt jours) er ein roman av Jules Verne som kom ut i 1873.
Den britiske gentlemannen Phileas Fogg gjer eit veddemål om at det er mogleg å reisa jorda rundt på 80 dagar. Han reiser saman med den nye butleren sin Passepartout, medan dei vert forfølgde av ein etterforskar frå Scotland Yard som mistenkjer Fogg for eit bankran.
Le Tour du monde en quatre-vingts jours, Around the World in Eighty Days | |||
| |||
Forfattar(ar) | Jules Verne | ||
---|---|---|---|
Språk | fransk, engelsk | ||
Blei til | 1871 | ||
Sjanger | føljetong, reiseroman, eventyrfiksjon, barnefiksjon | ||
Utgjeven | 1872, 1873 | ||
Illustratør | Alphonse de Neuville |
Boka vart fyrste gong gjeven ut på norsk i 1882 som føljetong i Cammermeyer-magasinet Folkebladet med tittelen Jorden rundt i otti Dage. Ho kom ut i forkorta utgåve i 1899 med teikningar av den norske bokkunstnaren Louis Moe (1857-1945).
Romanen er filmatisert fleire gonger, fyrste gong som stumfilm i 1914. Den meste kjende filmversjonen er nok Michael Anderson sin frå 1956 med David Niven som Phileas Fogg: Jorden rundt på 80 dager. 1956-versjonen fekk 5 oscarprisar av i alt 8 nominasjonar. Det finst ei nyare filmatisering frå 2004 med Steve Coogan som Phileas Fogg og Jackie Chan som den kinesiske kampsporttrente venen hans.
I 26. april 2008 skulle operaen Jorden rundt på 80 dager oppførast under opninga av Den Norske Opera. Musikken var laga av Gisle Kverndokk, med libretto av Øystein Wiik. Stykket vart likevel ikkje oppført før 21. mai 2010 på grunn av mangel på opplæring i det nye tekniske utstyret i Den Norske Opera.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jorden rundt på 80 dager, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.