Johannisberg (luxembourgsk Gehaansbierg) er ein ås, ei borg og ein heilag stad sør i Luxembourg i kommunen Dudelange.
Han er 417 meter over havet.
Johannisberg har truleg vore ein heilag stad sidan førkristen tid. Dei årlege pilegrimsreisene til Johanneskapellet på toppen ved jonsok (23. juni) vart i mellomalderen følgd av ekstatisk dans. Den rituelle dansen vart visstnok utført for å avparere sanktveitsdans, men kan òg vere noko som hang att frå heidensk tid.
Ei borg og ei avdeling av Johannitar-ordenen vart bygd på Johannisberg på 1500-talet og på denne tida høyrde staden til von Isenburg-familien. I 1937 vart det bygd ein krossvegstasjon, som framleis vert nytta på jonsok.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Johannisberg, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.