Jesus He Knows Me

Hearts on Fire

Jesus He Knows Me
Singel av Genesis
frå albumet We Can't Dance
B-side

Språk engelsk
Utgjeve 13. juli 1992
Innspelt Mars til september 1991
Studio The Farm, Surrey
Sjanger Progressiv rock
Lengd 4:18 (singel)
Selskap Atlantic, Virgin
Komponist Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford
Tekstforfattar Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford
Låtskrivar(ar) Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford
Produsent Genesis, Nick Davis
Genesis-kronologi 
«Hold on My Heart»
(1992)
Jesus He Knows Me «Never a Time»
(1992)


«Jesus He Knows Me» er ein song av det britiske bandet Genesis frå 1991 på albumet We Can't Dance. Det var den fjerde singelen frå albumet. Songen er ein satire om televangelisme og kom ut i ein periode då fleire televangelistar som Robert Tilton, Jim Bakker, Larry Lea og Benny Hinn var under etterforsking for å love økonomisk suksess til lyttarane om dei berre sende dei pengar. Songen nådde 20. plass i Storbritannia og 23. plass i USA.

Utgjeving

Som alle singlane på We Can't Dance vart «Jesus He Knows Me» gjeve ut på to CDar, samt vinyl. Alle formata hadde songen «Hearts on Fire» (seinare utgjeve på Genesis Archive #2 1976-1992) som B-side.

Den første CDen hadde òg med «I Can't Dance (The Other Mix)» (ein remix av Ben Liebrand) og den andre hadde med «Land of Confusion (Rehearsal Version)». «The Other Mix» fekk dette namnet fordi «Sex Mix» vart gjeven ut nokre månader tidlegare på singelen til «I Can't Dance».

Songen vart nytta i den belgiske filmen Le huitième jour av Jaco Van Dormael i 1996.

Konsertversjonar

Songen vart framført på konsertane i 1992.

Musikkvideo

I videoen spelar songaren Phil Collins ein skruppelaus televangelist som lever som ein millionær på grunn av donasjonane frå lyttarane sine. Den komiske videoen har òg med bandmedlemmane Tony Banks og Mike Rutherford, som òg spelar evangelistar. Collins har på ein oransje dress og prøver å få sjåarane til å sende inn $18 000 000 på ei helg fordi «Herren bad han om det». I slutten av videoen regnar det pengar over Collins.

I videoen kan ein sjå folk som held eit skilt som seier «Genesis 3:25», som ikkje referer til Bibelen (Første mosebok heiter Genesis på engelsk), men viser til at bandet hadde tre medlemmar og at dei hadde vore i lag i 25 år. Ikkje alle forstod denne referansen og trudde det berre var ein spøk sidan det tredje kapittelet i Første mosebok berre har 24 vers.

Innhald

    CD maxi
  1. «Jesus He Knows Me» (single mix) — 4:18
  2. «Hearts on Fire» — 5:15
  3. «I Can't Dance» (the other mix) — 6:00
    7" singel
  1. «Jesus He Knows Me» (single mix) — 4:17
  2. «Hearts on Fire» — 5:15

Salslister

Vekeslister

Liste (1992) Plassering
Australia (ARIA) 56
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40) 26
Belgia (Ultratop 50 Flandern) 18
Canada Top Singles (RPM) 10
Canada Adult Contemporary Tracks (RPM) 22
Frankrike (SNEP) 27
Tyskland (Media Control AG) 13
Irland (IRMA) 22
Nederland (Nederlandsk Topp 40) 11
Nederland (Mega Single Top 100) 18
New Zealand (RIANZ) 35
Sverige (Sverigetopplistan) 38
UK Singles (Official Charts Company) 20
US Billboard Hot 100 23
US Billboard Adult Contemporary 27
US Billboard Mainstream Rock Tracks 24
US Billboard Top 40 Mainstream 12
Liste (2017) Plassering
Polen (Den polske Topp 5-lista) 67

Årslister

Liste (1992) Plassering
Canada Top Singles (RPM) 89
Tyskland (Official German Charts) 74

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Jesus He Knows Me UtgjevingJesus He Knows Me KonsertversjonarJesus He Knows Me MusikkvideoJesus He Knows Me InnhaldJesus He Knows Me SalslisterJesus He Knows Me KjelderJesus He Knows Me BakgrunnsstoffJesus He Knows Me

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

TorskDekarWaitangitraktatenKleopatraUkrainsk kulturValgerd Svarstad HauglandRekonvalesensCelsiusKvartalAudun LysbakkenSlaurDiktYL-gruppeHønsehaukFotballApeHauge i DalaneHermeneutikkJeg vil hjem til menneskeneDei fire årstideneOksidasjonBergen kommuneGud signe maten på vårt bordBay City RollersMLise AmundsenNéa ZíkhniRegnskogen i AmazonasEnkeltbekkasinIdeologiAsbjørnsen og MoeKilometerSindikíFaryngittTaylor SwiftKøbenhavnTurbanOdd Nerdrum17. aprilVisaltíaBermudaPetter ThoresenPersiskNibiruStillehavetTyrkiaMS «Venus» (1931)TrekanthandelJordskorpeplateSanskritJonsereds Fabrikers ABPellucid marginal degenerasjonRomanian born french cryptologist1900-taletIngjald Ørbeck SørheimSkandinaviaErteblomfamilienMekkaDanmarkCaesareaDet tyske herrelandslaget i fotballChristianiaSt Patrick's Cathedral i DublinMediaWikiAstrid LindgrenOSI-modellenPeriferieininga SérresBlåmannISO 4217Carles PuigdemontSør-KoreaSau🡆 More