Jesu dåp viser til møtet mellom Jesus og Johannes døyparen ved Jordanelva, som blir skildra i evangelia etter Matteus, Markus og Lukas og omtalt i Johannes-evangeliet.
Dåpen er eit viktig evangelisk punkt i livet til Jesus, og er blitt minna på ulike dagar i kyrkjeåret. Mange stader har det vore vanleg å utføra dåp denne dagen. I ortodoks kristendom har vatn ein særskild plass. Ein signar vatn under gudstenesta kvelden før teofania, vanlegvis i ein døypefont, og utandørs på sjølve dagen. Då blir ein kross boren i prosesjon og dyppa eller kasta i ei elv, eit vatn eller havet. Der det blir kasta hoppar truande etter og hentar det.
I oldkyrkja feira ein både Jesu dåp og fødsel på Kristi openberringsdag den 6. januar, seinare gjerne rekna som heilagetrekongarsdag (epifania) i vestleg kristendom. Feiringa av dåpsdagen blei etterkvart lagt til første sundag etter openberringsdagen. Den katolske kyrkja flytta feiringa av Jesu dåp til 13. januar i 1955 og vidare til første sundag etter openberringsdagen i 1969.
I austleg kristendom er dåpsdagen (epifania eller teofania) ei av dei tolv store høgtidene, der ein markerer at heile treeininga openberra seg for menneskja samstundes. Han blir framleis feira 6. januar, men sidan mange ortodokse kristne følgjer den julianske kalenderen fell denne feiringa på 19. januar i den vanlegare gregorianske og i den reviderte julianske kalenderen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jesu dåp, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.