Jernverk

Jernverk eller jarnverk er eit føretak som foredlar jernmalm til smijern og støypejern.

Jernverksdrift vart sterkt utvikla i seinmellomalderen, og utvikla vidare industrielt.

Jernverk
Frå Næs jernverk, restaurert masomnbygning med vasshjul i drift

I jernalderen skaffa ein seg smijern ved å foredla myrmalm. Denne metoden, kalla jernvinne, vart nytta heilt fram til slutten av 1700-talet enkelte stader i Noreg og Sverige.

Teknologien for å utvinna og foredla jernmalm og vart innført til Noreg frå Tyskland i siste del av 1500-talet. Dei viktige jerngruvene i Arendalsfeltet var opna i 1585, og dei la grunnlaget for bygging av mange jernverk, det første var Barbu Jernverk.

Sentralt på eit jernverk var gjerne ein masomn. Masomnar vart mura med tykke steinmurar, og var som ein skorstein. Frå toppen av masomnen vart det vekslande fylt jernmalm og trekol, og visse andre mineral i mindre mengd. Ved botnen av masomnen vart luft blåst inn ved hjelp av blåsebelgar, og desse vart gjerne drivne av store vasshjul.

I 1855 vart det teke patent på ein ny type jernverksteknologi, kalla Bessemerprosessen. Den nye metoden gjorde det mogleg å nytta steinkol til jernsmeltinga, og dei gamle norske jernverka vart på slutten av 1800-talet etter kvart lagde ned. Nokre av dei la om drifta til å verta jernstøyperi som nytta innført rujern og steinkol som råstoff i staden for norsk jernmalm og trekol. Dei nye jernstøyperia vart gjerne liggjande ved byar langs kysten.

Nokre kjende norske jernverk

Tags:

IndustriJernmalmSeinmellomalderenStøypejern

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Torgeir Knag FylkesnesGrunnstoffliste etter atomnummerEli HagenStavanger kommuneLønnLinerleLydfartAn-MagrittSur nedbørDen russiske bjørnenMarius UrzicăIngjald Ørbeck SørheimCharles DarwinMOslo rådhusØKnut Marius DjupvikBlåDen siste istidaInnlandValgerd Svarstad HauglandAlderspensjonEkstremvêret KristinKabaddiJ.K. RowlingSlaurWiki CommonsCarles PuigdemontJernsulfatErling SteinveggPellucid marginal degenerasjonBrødskiveGina GogeanParisMellomalderenMangoldFargespekterOdd NerdrumJohann Sebastian BachSjøløverByar i HellasHundChristianiaSzilveszter CsollányNoregEnkeltbekkasinHaram kommuneSamisk kulturBerlinmurenBalderTandemboggiBankRagnar LodbrokHybridhønsLyse klosterLise AmundsenFotballSubstantivTranebærBlue MoonNasjonalrettKvargThomas MüllerDekarDanskDrivhusgassCharlène av MonacoSnøNattlysande skyerSt Patrick's Cathedral i DublinUruguayKalkulusOperasjon BarbarossaKommunismeCristiano Ronaldo🡆 More